logo_i_ver_og_vind.jpg

4.mai 2015: Mandagstur til Helgehornet

Mandagstursesongen er i gong. I år starta vi med tur til Helgehornet.

Vi gjekk denne ruta: Morotur - Helgehornet. For mange var dette ei ny rute til Helgehornet. Omlag 20 personar var med på turen; både gamle og nye fjes. Velkomne til alle nye! Det var ein mild kveld med litt vind på toppen, men vi sette oss i le og fekk ein fin rast på toppen. Nokre regndropar på vegen ned att. Ein fin kveldstur.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761