logo_i_ver_og_vind.jpg

9. september 2013: Mandagstur til Pølsa, frå Rystefeltet

 

Dette blei ein flott kveld! Mildt og vindstille og himmel i mange ulike fargar. Det går god sti frå eit Tussa-hus ovanfor Rystefeltet. Mykje skog er tatt ned så det meste av turen går i ope landskap. Når stien deler seg (til Pølsa og til Ossetra), går det litt bratt opp gjennom skogen. Her får ein opp pulsen. Ute av skogen har ein flott utsikt i alle retningar og det er ein liten rygg oppover før du er på Pølsa. Halve gjengen gjekk til Dinglavatnet og heim att.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761