logo_i_ver_og_vind.jpg

7.mai 2012: Mandagstur til Lidaveten, 592 moh

Tradisjonen tru, gjekk første mandagstur til Lidaveten. Aldri før har vi vel opplevd tett snøkave på denne turen! La oss håpe at vinteren no tok farvel med oss:) Men det blei ein fin tur for oss som vart med og vi fekk oppleve mange fasettar av naturen: snø, sol, kusymre, flott lys, frisk vind, våt sti og ikkje minst godt turfølge.

Vi starta på Eidheim og gjekk den vanlege ruta på skogsveg frå bommen, vidare inn på god sti ved enden av skogsvegen som vi fulgte til topps. Det var ein del snø og vått i stien, så til tider var det nokså sleipt. Turen er omtala i Fotturar på Sunnmøre, rute 2.32 (4.utgåve).

|

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586