logo_i_ver_og_vind.jpg

20. august 2012: Mandagstur til Fladalen v/Standal

fladalen.jpg

 

 

Vi køyrte litt forbi Standalseidet og gjekk på ny anleggsveg opp til inngangen til Fladalen. Vi overraska ein gravmaskinførar som lurte på kva for sprek gjeng dette var:) Stien inn i Fladalen startar rett bak bygninga ved enden av vegen. Stien deler seg etter nokre hundre meter. Held du stien til høgre som kryssar over ei elv, får du fin sti heilt fram til vatnet. Nokre hadde tenkt å bade, men då dei såg isflaka som låg i vatnet, ombestemte dei seg. Pyser! Vi hadde ikkje før sett oss ned før det kom regn og tåke, så rasta vart kort, men turen var likevel svært fin. Ein tur til Fladalen kan vi alle anbefale! Vi var 19 på tur.

I "Fotturar på Sunnmøre", 4. utgåve, kan du lese meir om Fladalen under rute 4.6 og 4.7.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761