24. september 2012: Avslutning mandagsturar i Grindaløda på Klepp

Då er mandagstursesongen over for i år. Ei flott avslutning på Grindaløda i kveld. Stilt og fint, god mat og drikke, kjekt lag og ein nydelig kveld; frå eit solrikt Volda til månen som kom opp bak Rotsethornet og etterkvart måneskinet som speila seg i Voldsfjorden. Rett og slett vakkert! Takk for i år og velkomne til mandagsturar i 2013 - og til dei andre aktivitetane som Friluftsforeninga skal ha før det.