logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagstur 30.mai 2011: Bjørnasethornet, 739 moh


Litt rufsete ver stoppa ikkje nærmare 20 turgåarar frå å delta på turen til Bjørnasethornet. Vi tok av på bomveg ved Bjørnaset og fylde denne så langt vi kunne. Eit lite stykke før Bjørnasetsetra går stien til Bjørnasethornet, det er tydeleg merka. Heile ruta er merka med raude band og det er dermed greit å finne fram. Vi brukte omlag 1 t på turen opp. Litt vått og myrlendt terreng, så gode sko er å foretrekke.
Du kan sjå ruta på s.135 i "Fotturar på Sunnmøre", 4.utg.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761