logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagstur 23.mai 2011: Hidsegga-Veten v/Gjerdsvika

hidsegga.jpg

 

Vindfullt og herleg på Hidsegga og Veten i kveld. Heile 22 personar trossa vind og truande regn. Det gjorde godt for både kropp og sjel å kjenne at vinden ruska skikkeleg. Og jammen gjekk det fint å lene seg på den også:)

Vi kjørte opp frå Moltustranda ved Coop og etterkvart på bomveg til dyrkamark, der det var lett å parkere. Det er ein lett tur på ca 1t, og god sti heilt ut til Veten. Utsikta er super og fotoapparata var flittig i bruk.

Her kan du lese om Hidsegga. Du finn også turskildring i "Fotturar på Sunnmøre" (4.utgåve) s. 107.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761