logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagstur 12.september 2011: "Pølsa" frå Rystefeltet

melshornet.jpg

Ein mild kveld som kom med litt regn etterkvart. Før vi starta turen kom vi over eit område med MASSE kantarell, så posen var full før vi kom i gang å gå:) Turen til Pølsa går først på skogsveg og etterkvart på god sti. Det er litt bratt opp gjennom skogen, men utsikta er etterkvart god og ein får løn for strevet. Ein liten stans på toppen for å ta bilete og ein liten kaffitår, men på denne tida blir det tidleg mørkt så det var berre å snu ned att etter kort stopp. Nede i skogen fekk vi bruk for lyktene, for no mørknar det fort. 7 personar gjekk turen. Vi brukte ein knapp time til topps og omlag 45 min ned att.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761