| | |
| | | | Mandagsturar - program for 2017
Turprogrammet er klart. Oppstart 8.mai. Velkomne på tur !
Aktivitetane for vaksne krev medlemskap. Du kan sjølvsagt "prøvegå" før du bestemmer deg for om dette er noko for deg.
Informasjon om medlemskap finn du i menyen under "Medlemskap".
Vi har vore på 15 turar; fire i Volda, fem i Ørsta, tre i Hareid, ein i Ulstein, ein i Herøy og ein i Hornindal kommune. I alt har knapt 50 personar vore med.
Vi møttest på parkeringsplassen ved gravplassen i Ørsta. Derifrå fulgte vi stien langs elva. Dei fleste av oss hadde ikkje vore her før, så det var kjekt å bli litt kjende i eit område vi berre hadde høyrt om.
Fin kveld på Bjørke der vi var 8 personar som tok turen til Kamben. Det var greit å finne vegen, utsikta var fin og vi nådde akkurat ned att til bilane før mørket kom. Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur :)
Det stig ganske bratt 300 m opp til Rjåneskamben, men for ei flott utsikt ein får på toppen!
Haustfargane har begynt å melde seg, så no er det flott i fjellet. Vi var sju turgåarar som hadde ein flott mandagstur. Kjekt med nokre nye turgåarar i kveld.
Turen starta frå parkeringsplassen i Aldalen (oppe på støylen). Stien var stort sett god å finne, men nokre plassar måtte vi leite litt for å finne rette vegen. Vi var tre på tur på ein mild kveld med litt regn.
Kvile
Blåtindråsa er ei av fleire populære råser i Bondalen/ved Sæbø. Fem galde damer gjekk turen
Sjølv på ein gråversdag er utsikta fin
Vi gjekk denne ruta: Aurstadsetra. 6-7 personar var med på turen. Fin og mild mandagskveld
Det er enno ferietid, men seks personar møtte opp for å vere med på mandagsturen til Hasundhornet - «Ekstremruta».
Klovetinden stod på programmet på siste tur før ferien. Det var nokså grått ver, men det stoppa oss ikkje.
Sandfjellet (1177 moh) er ein av toppane i Hornindal rundt. Vi køyrde til Hjortedalen og starta turen litt etter Hjortedalssætra.
Ein mild og fin kveld, men snøsmeltinga har gitt store elvar, så det var spanande å forsere desse. Litt våte på bein blei vi, men det gjorde ingenting. Ved vatnet låg det tåke, elles var utsikta fin. Du finn omtale av turen HER. Vi var 18 på tur
Vi var åtte turgåarar som tok turen til Kongsvollen. Tåka låg på ca 400 m.o.h. så vi fekk berre glimtvis sett den fine utsikta. Men kvelden var likevel fin, - og flugefri!
Flott mandagstur til Skafjellet i Hareid kommune. Middels tung og fin tur. Vi fekk ein nydeleg kveld med sol og vindstille. 16 personar var med på turen. Vi gjekk opp frå Bigset barnehage og fulgte ruta på morotur.no.
15.mai 2017: Mandagstur til Helgehornet
Turstart i Sollidalen. 10-12 personar var med på turen
Ein fin start på årets mandagstursesong. Ein forholdsvis lett tur med flott utsikt!
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586 | |