| | |
| | | |
Haddalhornet
Det har vore mange fine turar og god deltaking. 62 personar har vore med totalt, og vi har vore i snitt 15 pr. tur.
Kom gjerne med turønske/-forslag for neste sesong!
Avslutninga av årets mandagsturar var i Heltnelihuken. Ein triveleg kveld med ost og kjeks, og fyr på bålpanna.
Vi starta ved grendahuset i Hjartåbygda og tok stien ned i skogen ved starten av idrettsbana. Ruta gjekk ned til Furneset og så opp på Høgåsen.
Vi starta i svingen ovanfor Tussabygget øvst i Rystefeltet. Det var ein mild og nydelig septemberkveld.
Vi gjekk frå Vassbotnen, til Humbersetsætra og over til Humberset. Ein mild og fin kveld. Til tross for dagar med mykje regn, var det ikkje veldig vått i marka. Vi var 10 på tur.
Nivskollen er eit flott utsiktspunkt vest for Niven/Ring.Vi fekk flott ver og hadde ein kjekk tur. 12 var med på turen, og det er kjekt at det stadig dukkar opp nye fjes.
Flott kveldstur til Hustadnestua i behageleg seinsommarver. Ingen stadar er ein vel omgitt av så majestetiske fjell som i Hjørundfjorden! Rett og slett vakkert.
Første tur etter ferien skulle gått til Klovetinden, men det var meldt så mykje nedbør og lavt skydekke at ein valde å avlyse turen til Klovetinden og i staden ta ein tur til Melssætra i Ørsta. Tre personar var med på turen, og den eine var eminent guide for oss to andre. (Turen til Klovetinden blir sett opp att neste år)
Vi hadde ein fin tur til Nivane. Tåka var stort sett vekke, men restar av den var i rørsle og laga mykje flott lys! Vi var 15 på tur. Turomtale på morotur.no.
På siste mandagstur før sommarferien kryssa vi fylkesgrensa og gjekk tur i Hornindal kommune. Ein fin tur til Middagsfjellet, 848 m.o.h., der 19 turgåarar var med.
Vi gjekk ruta frå Djupvika. Rjåhornet ligg i ope landskap og har flott utsikt! Det var jamn stigning frå 20 til 598 m.o.h. Litt vind og litt regn, men likevel ein ganske mild kveld. 17 var med på turen og i dag var vi internasjonale. Norge, Syria og Irak var representerte.
Flott tur til Levandehornet i fint sommarver! Vi gjekk frå Busetsætra og hadde med lokalguiden Kari Leikanger Buset. Takk til henne. Omlag 20 personar var med på turen
Flott utsikt frå toppen!
Vi starta frå Indre Haddal og gjekk stien langs elva opp Klungsdalen og gjennom Klungsdalskaret. Returen tok vi via ein liten topp der det står ei mast. 18 på tur i dag, men tre mista vi undervegs, så dei gjekk på Hasundhornet ;)
Turen gjekk frå Årset til Aurstadsætre. 14 var med på turen på ein litt grå kveld. Sidan den faste turleiaren var vekkreist, var Helene vikar. Takk til henne.
Haralddalssætra
Skaphornet ligg inst i Austefjorden. Vi gjekk via Haralddalssætra, vidare på grei sti til Busseskaret og derifrå til topps utan sti.
Det var ein mild og fin vårkveld. Vi starta frå skytebana og gjekk "normalruta" opp. Ned att gjekk vi ryggen mot Voldsfjorden. Vi var 21 på tur.
Ertesvågvatnet
Turen gjekk til Uglesætra, gjennom Ugleskogen og vidare heile Uglerunda. På Uleberget tok vi ein rast og vi tok også ein avstikkar til Stemnehornet. Heile 28 var med på turen! Det var ein mild og fin kveld.
Mandagsturar 2016 - Turprogrammet er klart!
Frå tur til Sæbønestua
Vi startar med ein lett tur til Dimna 2.mai. Då går vi til Uglesætra og vidare Uglerunda . Deretter vert det varierte turar utover våren og t.o.m. september. (sjå vedlegg)
Har du spørsmål? Ta kontakt på friluftsforeninga@gmail.com eller 91621147. På vaksenaktivitetane har vi krav om medlemskap, men ein får prøve seg på tur først om ein er i tvil om dette er noko ein vil vere med på. Hugs at de kan betale medlemskap med mCASH. Les meir om mandagsturane HER |
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586 | |