logo_i_ver_og_vind.jpg

4.mai 2009: Lidaveten

Masse kusymre langs stien!
<p>Masse kusymre langs stien!</p>

15 stk på tur på ein overskya kveld. Tørt og fint på stien og fin temperatur oppover lia. På toppen blåste det nokså surt, men sidan vi var godt kledde var det triveleg å sette seg ned med litt varm drikke og ein god prat før vi snudde ned att. Ein hund syntest nok vi såg ut til å vere triveleg selskap og fulgte oss på heile turen:)

Køyr frå Volda mot Berkneset. Ta av til høgre like før skulen og køyr opp ein bratt grusveg. Parker ved ein stengd bomveg like ovanfor eit hestesenter (Gjerdegarden). Gå vegen til endes (ta til høgre i ein knapp sving). Her finn du ein tydlege sti som først går gjennom granskog og så følger fjellryggen opp til toppen. Her er nokre bratte parti, men det er ikkje vanskeleg å gå og turen høver godt også for barn. Det er fleire fine utsiktspunkt på veg mot toppen. På toppen er ein stor og flott varde og det er flott utsikt. Du treng 1 time opp.

Det er mogleg å gå ned att til Berkneset, men stien kan vere vanskeleg å finne enkelte stadar.

"Fotturar på Sunnmøre", Standal, Hagen og Wangen: Tur nr. 2.31, s.124

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586