logo_i_ver_og_vind.jpg

22. juni 2009: Laupsnipa v/Leikong

laupsnipa2.jpg

Start ved Voldnes (Leikong). Her er det greit å parkere ved eit skilt merka "Laupsnipa". Først går ein på skogsveg og så på god sti resten av turen. Omlag 1t til topps. Flott utsikt heile vegen i mange retningar. Absolutt ein tur å anbefale.

Fire damer og ein herre på tur 22.juni.

 

Sist måndag var turmålet Laupsnipa, denne gongen møtte det fire damer og en herre. Vêret var som vanleg denne sommaren høgst usikkert m.o.t. regn, men kva gjer vel det, så vane som vi er med ovaburd på desse kantar! Så viste det seg at då vi starta på turen var det opplett og utsikt til klårvêr. Men vi var ikkje komne langt opp i lia føre vinden sette inn (med svak bris) og et regnbyge som gjorde at herren grov djupt i sekken etter overtrekksbukse og dertil jakke.
Vi vann høgdemeter for kvart steg, og faktisk var stien merka (om enn med noko svak raudfarge) så det var ingen problem å ta seg fram. Og utsikta var trass omstenda nemnt ovanfor fantastisk, både innover fjordane og ut mot havet.
Då vi kom til toppen, stoppa regnet, men brisen gjorde at vi sette oss i le og nytte medbrakt mat og kaffe. Skydekket sprakk opp i vest, medan regnbygene gjekk i dalstroka innafor. Frå toppen kunne vi også sjå eit tidlegare turmål for Foreninga, nemleg den kjende Hornelen. Faktisk er Laupsnipa ein Hornelen i miniatyr; det stuper 500 rett ned i Rovdefjorden, på same måte som det stuper 900 meter rett ned frå Hornelen i Frøyfjorden.
Damene tok også turen litt lenger vest, mot Keipen, og medan herren heldt seg beskjedent i bakgrunnen så damen kunne få utløp for fridomskjensla.
Trass i at dette var ein av årets lengste dagar, gjorde skydekket det skymt som om vi skulle ha vore i slutten av august. Men det gjekk greit å gå ned att også, og vel framme ved bilen måtte damene stille opp til fotografering.

 

Meldar

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761