logo_i_ver_og_vind.jpg

10.august 2009: Lisjedalssetra i Austefjorden

Lisjedalsetra
<p>Lisjedalsetra</p>

6 turglade var med på tur denne mandagskvelden. Vi starta i fint ver. Skodda hang rett nok ned i fjella, men det var ein mild og fin kveld. Stien går gjennom fin furuskog og vel framme på setra tok vi ein god rast medan vi hørte toreveret i det fjerne. Vi hadde akkurat fått pakka sekkane og starta returen då himmelen opna seg. Det er sjeldant syn med så store regndråpar som vi opplevde på veg ned att! Men, pytt, pytt, varmen vart skrudd opp i bilane på veg heim att og alle hadde hatt ein gild kveld. Soppfangst (kantarell) blei det også

Ta av til venstre like før kirka og parkerer ovanfor byggefeltet. Her i frå går stien i fin furuskog opp til Lisjedalssetra. Start er merka med skilt ved dyrkamarka. Det er omlag 1 t å gå opp til setra.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586