logo_i_ver_og_vind.jpg

1.september: Harpedalsvatnet

Ein fin og mild septemberkveld var heile 19 turgåarar med til Harpedalsvatnet.

Like etter Kolåsen, på vegen mot Standaleidet, tok vi av til høgre og fulgte skogsvegen til ein parkeringsplass/lunneplass. Her var det godt skilta til Harpedalen og stien var tydeleg heile vegen. Det tok ca 45 min opp til Harpedalen i roleg tempo. Nokre fann fin sopp i skogen. Det blir bygd kraftverk frå Harpedalsvatnet, så her oppe var det anleggsområde. Vi var ned litt før kl.21 og i god tid før det mørkna.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761