logo_i_ver_og_vind.jpg

16. Vardehornet  580 moh

Vardehornet er eit av Ti Turmål 2007. Du finn informasjon om turen her

Mandagstur 14.mai 2007:
Turen skulle egentlig ha gått til Kornbergveten, men pga vind, regn og tåke, valgte vi å utsette turen dit. Vi vil gjerne ha utsikt på den turen. I staden valgte vi å ta turen til Vardehornet. Vi starta frå Klepp, gjekk til Kometland, Kleppesetra og vidare på merka sti mot Vardehornet. På Vardehornet var det nokså surt,- regn, tåke, vind og også hagl, så vi gjekk ned i skogen og tok pausa der. Vi gjekk tilbake ned til steinhusa og vidare på skogsveg og sti bort att til Klepp. 5 personar var med på turen.

Mandagstur 17.september 2007:
Nok ein dag med tildels store nedbørsmengder. 3 damer la likevel i veg og hadde ein fin, men våt tur. Vi starta frå bommen, gjekk opp stien til steinhusa, vidare på stien gjennom skogen og til Vardehornet. Sludd på toppen! Frå Vardehornet gjekk vi til Dinglavatnet og tok vegen ned att til bommen.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586