logo_i_ver_og_vind.jpg

6. Innselset-Keipedalen  20-520 moh


Start frå Innselset i Dalsfjorden. Stien startar like innanfor "kufella". Gå opp ein liten grasbakke. Her kan det vere vanskeleg å sjå stien. Hald litt mot venstre. Etterkvart kjem du opp på ein voll, og stien blir tydelegare. Vidare oppover er det god sti som ligg fint i terrenget.

Mandagstur 11.juni:
17 stk var med på denne turen som var eit nytt turmål for Friluftsforeninga. Etter 14 dagar med sol og varme, var det ein overskya og litt kjøligare kveld. Kanskje like greit, for vi slapp flugene. Stien var litt vanskeleg å finne i starten, men den vart raskt tydeleg. Variert og fin sti som forfedrene vår nok har lagt mykje arbeid i. Det veksla mellom stigning og flatt. Keipedalen var ein liten idyll. Fordi vi skulle nå ferge, vart pausa vår nokså kort. Vi brukte litt over 1 t på turen opp. Utsikta utover Dalsfjorden kunne vi nyte særleg på turen ned att. Totalt brukte vi 2,5 t på turen.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586