logo_i_ver_og_vind.jpg

8.september: Helgehornet (623 m.o.h.)

Ein flott septemberkveld på Helgehornet

Vi var 7 som starta på turen, men undervegs viste det seg at det var fleire Friluftsforeningsmedlemer som var på tur, så på toppen var vi 9 som tok pause i lag. Også kjekt å sjå at det stadig er nye fjes å sjå på turane våre. Ein vakker kveld, tørt og fint å gå, og solnedgangen kunne nytast saman med kaffi og sjokolade. I kveld blei det mørkt kl.21, så no er det svært viktig å ha lykt i sekken!

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586