22.september: Gamma i skogen ovanfor Engeset/Klepp.

Vi var fire som gjekk på tur til gamma. Kvelden var mild og fin. Turen til gamma er kort og lett. Vi gjekk opp Nakkevegen og til venstre ved skogsvegen nedanfor Steinhusa. Etter eit par hundre meter finn ein tydeleg sti opp i skogen og til gamma. I skogen fann vi fin piggsopp. På returen kryssa vi rett over skogsvegen og fortsatte på sti ned igjennom skogen. Ein sti som ikkje er så mykje brukt, men den er ganske tydeleg.
15.september: Hellevegen til Brekkeheida
Endå ein mandagstur i fint ver.
Denne kvelden var det 8 som gjekk Hellevegen til Brekkesetra og Brekkeheida. Marianne og Eldar hadde tatt turen til Kråkenakken først og møtte oss på setra. Det seiest at Hellevegen vart bygd av Hans I. Brekke som eit resultat av kjærleikssorg. Dette er ein lett tur og passar godt også som familietur.
8.september: Helgehornet (623 m.o.h.)
Ein flott septemberkveld på Helgehornet
1.september: Harpedalsvatnet
Ein fin og mild septemberkveld var heile 19 turgåarar med til Harpedalsvatnet.
25.august: Vassbotn-Humberset
Turen starta ved golfbana i Vassbotn der bilane vart parkerte.
11.august: Vallahornet (833 m.o.h.)
Vi var 3 stk som starta i frå Volda på ein fin kveld.
7.juli: Hallehornet (900 m.o.h.)
Ein nydeleg mandagskveld la vi ut på tur til Hallehornet.
30.juni: Blåtind (697 m.o.h.)
Start i Ringstaddalen ved eit skur på høgde med øvste husa i byggefeltet på Haddal.
16.juni: Garnestua (654 moh) - Flåna - Hasundhornet (533 moh)
Frå Haddal køyrte vi opp Ringstaddalen til Løset (200 m.o.h.). |
9.juni: Rotsethornet (654 m.o.h.)
På ein regnfull mandagskveld gjekk turen som planlagt til Rotsethornet. 9 personar var med på turen som gjekk opp framsida og ned att Lisjedalen.
2.juni: Skarphornet (695 m.o.h.)
15 personar var med på turen til Skarphornet denne flotte junikvelden.
12Next |