| | |
| | | |
Vil du låne kajakk: Kontakt utlånsentralen.
Friluftsforeninga har dei siste åra hatt lite kajakkaktivetar. Dersom du er interessert i eit kajakkfellesskap, tilrår vi å kontakte Herøy kajakklubb. Ein svært aktiv klubb ikkje langt i frå Volda, og faktisk den største mellom Bergen og Trondheim!
12 personar fordelt på to grupper deltok. Det vart øvd på å velte, kome seg ut av kajakken og opp i att, både åleine og ved kameratredning. Takk til Lidun Hareide for god instruksjon :)
5.mai 2013: Kajakkøving i basseng i symjehallen på idrettsbygget i Volda.
2 grupper: kl.10-12 og 12.30-14.30. Instruktør vert Christer Torvik frå Herøy kajakklubb og medansvarleg frå Friluftsforeninga Volda er Jan Peder Hoggen.
Påmelding seinast søndag 28.april til friluftsforeninga@gmail.com eller på fb. "Første mann til mølla" gjeld. Vi treng å vite: Namn, kva gruppe du helst vil vere med i og om du har kajakk sjølv. Dei som nyttar eigen kajakk må syte for at han er godt reingjord før bassengøkta! Har du spørsmål, kan du kontakte Jan Peder Hoggen på tlf. 90962279
19.mai 2012: Kajakkurs i basseng
Kurset var i bassenget på Idrettsbygget v/høgskulen med instruktør frå Herøy kajakklubb. Det var øving på å velte, kameratredning, kome seg inn/ut av kajakk o.l.
2 grupper; 6-8 personar på kvar gruppe.
Gruppe A kl. 11-13
Gruppe B kl. 13:30-15:30
Dette er draumen...
Kajakkøving i basseng 15.mai 2010 - kl.10-14
Atter ein gong ei aktiv kajakkøkt i bassenget. 12-13 personar øvde i 2-4 timar og har med det blitt tryggare med kajakken. No ventar vi på sol og varme slik at vi kan flytte kajakkaktivitetane ut.
Kajakkurs i basseng 1.mai 2010
19 ivrige personar deltok på kajakkurset i bassenget på Idrettsbygget. Kursleiar var Jan Bisgaard. Deltakarane vart delt i 2 grupper slik at kvar gruppe fekk 2 t øving i bassenget. Det var øvd på ulike øvingar med kajakk, m.a. velting og ulike former for kameratredning. Nyttig øving medan vi ventar på varmare ver og utepadling.
7.juni 2009: Padletur i Austefjorden
Jan og Dag hadde ein fin tur i Austefjorden. Start frå Aurstad camping. Og så gjekk turen rundt Årsetøya.
21.mai 2009: Padletur i Eiksundområdet
18.april 2009: Vellukka kajakkurs i bassenget
8 personar deltok på kurset. Det blei øvd på soloredning, makkerredning og kajakktilvennning.
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586 | |