logo_i_ver_og_vind.jpg

29.august 2020: Volda rundt - alternativ hausttur

Foto: S. Håvik
Foto: S. Håvik

Vi måtte avlyse årets hausstur til Innerdalen, men 29. august vart det alternativ hausttur: Volda rundt, eller "storrunda" som den også blir kalla. Eit svært godt alternativ!

Vi var seks stk som starta kl. 7 ved Rotsethorntunnelen, gjekk opp på Rotsethornet i roleg tempo, fortsatte bakover til Homborsetsætra, vidare over Heidane og Hornet til Vassteinsætra. Her fekk vi følge av ein person til, så no var vi sju. Vi gjekk så opp til Koppefjellet der tåka møtte oss, og der tok vi pause. Ned Vatnenipa; litt luftig, men alle kom seg greit ned. Vidare til Hestehornet og til Krøvelseidet til depotet vårt. Her fylte vi på med næring og skifta litt klede/sko. Så gjekk vi skiløypa vidare til "Sinsenkrysset", tok av opp til  Sandhornet, og på god sti til Grøthornet og Melshornet. Tett tåke på Melshornet, så etter ei lita matpause gjekk vi vidare til Dinglavatnet, Vardehornet og Ring, der det vart ein lite smak av islandsk fjelldrykk. Så ned til Klepp via Gildrehammaren. Ein lang og utruleg flott tur! Alle var superfonøgde med turen. Litt tåke undervegs tok litt av utsikta, men ikkje noko nedbør og fin turtemperatur. Vi brukte om lag 13 timar på heile turen

Nokre fakta: 

7 fornøgde folk
11 toppar
28,7 km
2408 høgdemeter
13 timar på tur, inkl. pauser

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761