logo_i_ver_og_vind.jpg

23.-25. august: Hausttur 2019

sn_hetta.jpeg

I år gjekk turen til Dovre. Snøhetta på 2286 meter var hovudmålet.
Vi reiste oppover på fredagen. Nokre overnatta på Snøheim og nokre overnatta på Kongsvold fjellstue. I alt var 25 turglade med på turen.

Laurdag morgon møttest vi på Snøheim. Då såg vi turmålet, men tåka kom sigande og toppen forsvann. Vi gjekk stort sett i tåke heile vegen til topps. På toppen fekk vi diverre ikkje noko utsikt, men ingen sure miner av den grunn. På veg ned att letta tåka ein del og vi fekk flott utsyn. Turen til Snøhetta går stort sett  på stein, men det er ingen vanskeleg tur. Første halvdel av turen går i nokså flatt terreng. Så stig det jamnt mot toppen dei siste 2,2 km. Undervegs passerer ein ruinane av gamle Reinheim. Turen er 6 km ein veg og omlag 800 høgdemeter 

Søndag gjekk turen til Viewpoint Snøhetta. Ein kort tur til eit flott utsiktspunkt. Her fekk vi også flott guiding om dyrelivet på Dovre. 

Så lurer du kanskje på om vi såg moskus. Ja, det gjorde vi. Både ved Snøheim, på bussturen frå Snøheim og då vi var på Viewpoint Snøhetta. Det var stort å få oppleve.

Nok ei flott haustturhelg! Takk til Bjørg som organiserte det heile. Kongsvoldgjengen skrytte elles voldsomt av maten på Kongsvold fjellstue

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586