logo_i_ver_og_vind.jpg

Sopptur 22.oktober -08

traktkantarell_3.jpg

Er du usikker på sopp? Onsdag 22.oktober har du høve til å bli med på sopptur. Ta med noko å plukke i, ein kniv og lommelykt/hovudlykt. Vi møtast i svingen nedanfor Prestesetra kl.17 og så går vi inn i skogen her for å leite etter sopp. Det er MASSE traktkantrell å finne no, og er vi heldige finn vi også piggsopp.

75 g smør
100 g finhakka løk
1 kløft finhakka kvitløk
15 g hakka persille
225 finskåren skogsopp
4 ss melk
salt
riven muskat
40 g kveitemjøl
1,5 l grønsak- eller kyllingbuljong
nymalt peppar
4 ss creme fraiche/rømme

Varm halvparten av smøret i ei kasserolle saman med løk, kvitløk og persille. Sauter i 3 min. Tilsett sopp og sauter i 3 min til. Tilsett melk og smak til med salt og muskatnøtt. Kok blandinga nokre minutt til og ta deretter kasserolla av varmen. I ei anna kasserolle smelter du smøret og røren inn kveitemjølet. Kok til smør og mjølblandinga får ein svak gyllen farge. Trekk kasserolla av varmen og rør inn buljongen litt om gongen. Rør heile tida så det ikkje blir klumpar. Når all buljongen er tilsatt, tilsettast soppblandinga. La suppa koke opp og la trekke vidare i 20 min. Smak til med salt og peppar. Legg ei spiseskei rømme i kvar tallerken og server. Passar som forrett til 4.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586