logo_i_ver_og_vind.jpg

PADDESAFARI 29.APRIL 2011

padder.jpg

Den største paddebestanden i Norden finn vi i Austefjorden. Mellom 40 og 50 var med på paddesafarien og fekk vere med på ei heilt spesiell oppleving. Alt på vegen frå parkeringsplassen og bort til paddetunnellane møtte vi paddene.

Dei ville tydeligvis over vegen, men nokre måtte ha hjelp til å finne retninga mot vatnet, og denne kvelden var det mange hjelpande hender. Gunnar Wangen og Oddvar Olsen var til stade og fortalde oss om paddene. Paddene er skogsdyr, men om våren trekker dei ned til vatnet for å pare seg og legge egg. Når dette er gjort, trekker dei opp att i skogen (då har dei altså vore ute på to farefulle kryssingar over vegen). Når ungane er store nok, trekker også dei opp att i skogen. Paddene kryssar altså vegen 3 gongar i løpet av våren/sommaren. Vi fekk forklart skilnad på frosk og padder. M.a. har paddene giftkjertlar som vernar dei mot farer. Paddene er ikkje flinke til å hoppe, slik som froskane, og dei legg egg på ulike måtar. Froskane legg klasar med egg, medan paddene legg egga i strimlar. Lykter var absolutt naudsynt for det var mange padder, og det hadde ikkje vore mogleg å unngå å trakke på dei utan lys.


Her kan du lese om paddene.

 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586