Intervalltrening ute kvar tirsdag er avslutta for vårsesongen!

Men truleg startar intervalltreninga opp att til hausten:)
Her kan alle trene i lag enten formen er på topp, botn eller midt i mellom. Ei super treningsøkt for å betre kondisjonen. Det har vore omlag 8 deltakarar kvar tirsdagskveld. Det er plass til alle som vil, så det er berre å bli med! Treningane fortsetter så lenge det er interesse.
OPPMØTESTAD OG -TID: Lærarskulekrysset kl.18:30. Møt ferdig oppvarma sidan vi startar rett på 4x4-økta. Det er med andre ord lurt å gå raskt/jogge minimum 10 min. på førehand.
UTSTYR: Refleksvest. Broddar er også lurt dersom det er glatt.
Kontaktpersonar: Ellen Engeset tlf:90767954 og Toril Bakke tlf:91375363
Rask gange/jogg i 4 min. i motbakke. Vi skal gå så fort at vi ikkje har lyst til å snakke med sidemannen, men ikkje så fort at vi stivnar i beina. Så skal vi ha ei aktiv pause på 3 min. I denne pausa er det viktig at pulsen ikkje blir for lav og vi skal difor bruke dei 3 minutta på å kome oss ned att til start. Dette skal vi gjenta 4 gongar.
Alle kan vere med på dette,- uansett form. Ein tek utgangspunkt i den formen ein er i, og brukar prinsippet som er skissert ovanfor. I og med at ein bevegar seg opp og ned ein bakke, vil ein samlast i alle "pausene" sidan alle skal ned att til start.