Dameskikveldar vinteren 2024

Skisesongen 2024 vert det dessverre ikkje dameskikveldar på Volda skisenter i regi av Friluftsforeninga. Vi satsar på å kome sterkt tilbake i 2025! 

Men fortvil ikkje. På Hornindal skisenter vert det kveldskøyring for nybyrjarar på tirsdagar frå kl. 18.30 – 20.30. Oppstart 23. jan og kvar tirsdag fram til vinterferien. (23. jan, 30 jan, 6. februar og 13. februar).  Pris: 200 kr, og gratis skiutleige. Det er ope for alle over 16 år (ikkje berre damer); frå dei som vil prøve seg i bakken for aller første gang, til dei som vil friske opp skiferdigheiter. Det vil berre vere Sparebank1 Rekrutten som er open desse kveldane. Instruktørar vil vere på plass for rettleiing, så langt dei har kapasitet. 

Sleng deg med og øv deg på ski, då blir vinter og snø ein leik 🙂

Aktivitetar