13.mai 07: Vellukka oppstartstur til gamma i skogen bak Klepp

Søndag 13.mai 07 var fyrste fellesturen for den nyoppstarta familiegruppa i Friluftsforeninga Volda. I eit flott vårver var over 50 små og store med til gamma i skogen bak Klepp. Gamma, bygd av studentar ved høgskulen, ligg ein halv times roleg tur frå bommen på Prestesætervegen, og er såleis eit høveleg turmål for små bein. Det var grilling og popcornlaging over ope bål då vi kom opp til gamma.