| | |
| | | | Barneturlaget sin aktivitetsplan for 2014 er klar.
På tur til Ossætra Barneturlaget har mange spanande aktivitetar å by på. Her er litt for ein kvar smak. Bli med då vel!
Turåret vart avslutta med fakkeltog frå Volda skisenter til Heltnelihuken. Mange vart med, og nissemor kom på besøk. Mange bilde å sjå på fb-sida.
9.november 2014: Reflekstur med barneturlaget
Det var mange som var med på den spanande turen til Høgetua.
Turen starta ved utescena ved Aasentunet kl.17:00. Det var eventyrstund på Høgetua i skyminga og så fann vi vegen heim att ved å lyse på refleks som hang langs stien. Lommelykt, niste, varme klede og sitteunderlag var lurt å ha med. Du kan sjå bilde på fb-sida
28 var med på kjekk tur til Thereseråsa! Sjå bilete på fb-sida til Barneturlaget.
24. august 2014: Tur til Helgehornet med barneturlaget
TUREN STARTAR KL 11:00 FRÅ SOLLIDALEN/ SKYTEBANA. Meir info på fb-gruppa
22.juni 2014: Elvadalen - Årneset med barneturlaget
Vi starta frå Møre konfeksjon og gjekk opp Elvadalen til Årneset. Her var det ulike vassaktivitetar. Sjå bilde på fb-sida til barneturlaget
Det var bilderebus for dei minste opp Elvadalen. På Årneset fekk borna prøve kajakkane våre og Utrøna seglarlag var der med surfebrett og kite. Det var ein kjekk og aktiv dag med vassaktivitetar. 24.mai 2014: Ossdalsætra med barneturlagetEin kjekk tur til Osdalsætra. Bilde på fb-sida 27. april 2014: Klatring med barneturlaget
Mange møtte opp for å vere med på klatring!
Sjå bilde på Facebooksida til barneturlaget.
23. mars 2014: Skitur i Grøndalen med barneturlaget
Her startar turen
Turen gjekk til flotte Grøndalen, og ein god gjeng var med.
Har du lyst til å ta turen ein annan gong? Køyr mot Stryn, etter Eidsnakktunelen tek ein mot venstre. På skiltet står det Bjørke, Kalvatn, Osdalen. Følg skiltet til Nordfjordeid. Stopp ved ein parkeringsplass der løypa startar - ved ein bom (sjå bilete). Parkering langs vegen. 16. februar 2014: Barneturlaget arrangerer tur til Gildrehammaren
Vellukka tur til Gildrehammaren. Sjå bilete på fb-sida
Hadde du ikkje høve til å vere med denne søndagen? Slik finn du vegen til Gildrehammaren: Gildrehammaren - Morotur
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586 | |