| | |
| | | | Barneturlaget - planlagde aktivitetar 2012/13
Her finn du oversikt over planlagde aktivitetar. Nærmare informasjon kjem på fb-sida
Barneturlaget avslutta turåret 2012 med å arrangere nissefest. Nissefesten starta med litt mat til svoltne magar. Det var gratis pølse m/brød, peparkaker og gløgg takka vere stor givarglede hjå næringslivet!
Dette var eit flott arrangement og svært mange tok turen, så dette var særs vellukka. Veret spelte på lag: fin vintertemperatur og eit lite lag med snø gjorde at det var ingen problem med å finne julestemninga.
4. november 2012: Reflekstur ved Hovdeåsen
Bli med og lys etter refleks
Kjekt og vellukka arrangement med godt oppmøte! Bilde og kommentarar finn du på facebook-sida til barneturlaget.
Hausten er ei fin tid å leike i fjøra. Omlag 50 personar var med på turen. Det var mykje spanande å sjå for ein pappa dykka og fann krabber, kråkebollar, skjell og mykje anna:) I tillegg var det bålbrenning og grilling. Ein superfin søndag!
Fleire bilde på facebook
Barnas turlag: Tur til Honndalsvatnet (Volda) 26.august 2012
Parkering ved golfbana ved Rotevatnet. Vi startar å gå kl 11:00.
Turen går delvis på god og dårleg skogsveg. Fin familietur. Ved Honndalsvatnet er det flott enten det er fint eller dårleg ver. Når det er regn/skodde er det ei trolsk stemning her, så ingen grunn til å sitte heime :) NB! Ein kan ikkje nytte barnevogn heile vegen.
Barnas turlag: Tur til Vallasetra (Ørsta) 24. juni 2012
Fin kvileplass:)
Til tross for at nokre har starta på ferie, var det med ein bra gjeng denne gongen også:)
Barnas turlag: Tur til Ullalandsstøylen i Aldalen 27.mai 2012
86 frammøtte på tur med Barnas Turlag Volda/Ørsta:-) Bilete finn de på facebooksida
Barnas turlag: Elvadalen - Årneset søndag 29.april 2012
Turen gjekk opp Elvadalen til Årneset i strålande ver. På Årneset var det grilling og ulike aktivitetar, og nokre starta badesesongen, ufrivillig;)
Omlag 100 små og store deltok!
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586 | |