Det var ein regnfull søndag, så denne gongen var det berre ein familei som vart med på tur. Turen til Høgåsen i Hjartåbygda er ein fin familietur. På toppen er det ein fin gapahuk. Der kan du ete nista di.
Turen gjekk til den nye, flotte gapahuken på Lid. I gapahuken fyrte vi opp bålpanna og steikte sveler. Det var seks familiar som var med denne gongen. Ein kjekk tur for små og store!
Vi møttest ved høgdebassenget øvst i Bergsvegen (Bratteberg). Det var flott turvér, opplett og kaldt. Vi gjekk grusvegen opp til gapahuken, der vi grilla og kvilte oss litt. Så gjekk turen vidare ned Rasmusråsa, der det var mange mystiske troll
30.november 2019: Tenning av stjerna ved Kalsethola
Barneturlaget leda fakkeltog frå Leirshaugen og frå tunnelopninga ved Rotsethorntunnelen, og opp til Kalsethola. Då toga kom opp, vart stjerna tend og ho vil lyse til oss gjennom heile jula. Det er ein fin førjuls-/juletur å ta turen opp til stjerna.
I Kalsethola var det fyr i bålpanna og servering av gløgg og peparkaker. Lurer du på kvar Kalsethola er? HER ER TUROMTALE. Eit fint turmål heile året, og ikkje minst når stjerna lyser.
Det var god oppslutnad, og snøen kom dagen før og bidrog til å gjere kvelden magisk.