logo_i_ver_og_vind.jpg

23.august 2020: Tur til Høgåsen med barneturlaget

gapahuken.jpg
Bli med barneturlaget på tur til Høgåsen i Hjartåbygda! Ein fin familietur. På toppen er det ein fin gapahuk, og her et vi nista vår.
Velkomne på tur! - og hugs smittevernreglane :)
Oppmøte ved Hjartåbygda ungdomshus kl. 11. Vi går over fotballbana og følgjer stien mot Høgåsen. Først gjennom barskog og sidan oppover i lauvskogen. På toppen er det ein fin gapahuk. Ta med god niste.
Sjekk turskildring for delar av turen her: http://morotur.no/Morotur/Turar/Hoegaasen-Hjartaa.
Her finn du også forklaring på korleis du finn fram til Hjartåbygda ungdomshus.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761