logo_i_ver_og_vind.jpg

12. august 2019: Mandagstur til Holstadhornet

20180506_212733.jpg

Denne mandagen tok vi turen til eit av Hareid sine "byfjell". Vi var spente på om vi fekk ein fin turkveld då skyene trua. Men kvelden var mild og det kom berre nokre få regndropar

Turen starta i Torkelvegen og vi gjekk ruta på morotur.no. Ei lita kaffipause på toppen ved varden før vi returnerte. Vi såg ein sti som gjekk rett nedover. Halvparten gjekk denne ned att. Ei rute som m.a. gjekk gjennom ein spanande skog, og som enda i Hovlidvegen, omtrent der vi starta. Vi var sju på tur.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761