logo_i_ver_og_vind.jpg

10.august 2020: Mandagstur til Vikefjellet

Foto frå morotur.no
Foto frå morotur.no

Denne mandagen tek vi turen til Bjørke og Vikefjellet (NB! Vi skal ikkje følge ruta i lenka - sjå LES MEIR). På denne turen får ein sjå Bjørke og indre del av Storfjorden/Hjørundfjorden frå ei litt anna retning enn det som er mest vanleg. Utruleg fin utsikt. StikkUT!-tur

Turen frå Haukely er for lang på ein mandagskveld no når vi må ta omsyn til mørket. Vi køyrer difor bomveg til Bakkedalen og startar turen her, knapt 350 moh. Då blir det ein tur på om lag 1,5 km og 200 høgdemeter. Litt begrensa med parkering, så vi køyrer i lag frå Volda i færrast mogleg bilar. Om du vil møte oss ein annan plass, gi beskjed på 91621147.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761