logo_i_ver_og_vind.jpg

07.08.22: Full fart på Årneset!

frivilligheits_ret_2022.jpg

Søndag 7. august kl 1200-1500 skjer det! Denne dagen bør du vere i Volda, nærmare bestemt på Årneset! KFUM Volda Volleyball, Friluftsforeninga Volda og VTI Diskgolf har gått saman om å markere «Vår dag», som er ein del av frivilligåret 2022. Kommunen v/ordføraren er også med. Ordføraren sin tur vil gå opp Elvadalen til Årneset. LES MEIR PÅ FB

Vil du vere med å hjelpe til med grilling eller natursti, ta kontakt på tlf/e-post.

Her er det som skjer:

  • Sandvolleyballturnering for aldersgruppa 13-19 år. Lenke til påmeldingOBS Påmeldingsfristen som er 1. juli.
  • 7. august er sandvolleyballens dag i heile landet, og vi feirar 1-årsdagen for Noregs første OL-gull i sandvolleyball.
  • Introduksjon til diskgolf. Du får opplæring, og kan bli med på ein liten konkurranse om du vil. VTI Diskgolf har ei flott diskgolfbane, og dei vil gi fleire sjansen til å prøve. Om du har lyst, er det fint om du melder deg på her: Volda Diskgolf | Facebook (lenke kjem)
  • Ordføraren sin tur med natursti og historier om Elvadalen. Tur for store og små, frå sentrum til Årneset. Eit samarbeid mellom Friluftsforeninga Volda og Volda kommune. Turen startar kl.12 frå parkeringsplassen bak Halkjelsvik bil. Møt opp litt før.
  • Grilling av pølser på Årneset. Alle som er med på ein av aktivitetane får gratis pølser, drikke og frukt!

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586