logo_i_ver_og_vind.jpg

Kva er morotur?

morotur_bilde.jpg

Møre og Romsdal fylkeskommune er "eigar" av morotur. På morotur.no finn du tips om fine turar i heile fylket vårt. Oversikta gjeld fotturar, turar på ski, sykkel eller i kajakk.

Turane som ligg inne på Morotur si nettside og i morotur-appen er registrerte av frivillige rundt om i kommunane i Møre og Romsdal. Det er litt ulikt kor langt dei ulike kommunane har kome med registreringa.

Alle kan bidra med turregistrering. Ta kontakt med Friluftsforeninga dersom du ønsker å registrere turar og treng hjelp til korleis du skal gjere det.

Frå april 2018 er det mogleg å registrere turar også i Hornindal kommune!

I 2018 startar arbeidet med å omsette turane til engelsk. Det er i første omgang StikkUT!-turane som skal oversettast. Friluftsforeninga har meldt inn 15 turar.

Moroturar i Volda

20170318_122307.jpg

HER finn du eit mangfald av turar. Nye turar kjem stadig til

Friluftsforeninga har redigeringstilgang til morotur.no

Dersom registrerte turar i Volda kommune skal/bør endrast, kan du ta kontakt. Frilutsforeninga Volda har redigeringstilgang og kan gjere endringar

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761