logo_i_ver_og_vind.jpg

10.juni 2017: Friluftskonsert på Årneset

korps.jpg

Konserten var i regi av prosjektet "Korps på friluftstur"
Friluftsforeninga samarbeider med skulekorpset, og vi oppmodar om å møte opp på konsertane som skulekorpset skal ha. Det blei ein flott konsert med flotte rammer. 

Friluftsskule i vinterferien!

skileik.jpg

Ålesund- Sunnmøre Turistforening, Sunnmøre Friluftsråd og Aalesund Skiklubb inviterer til vintermoro for barn frå 9 til 13 år. Les meir HER

Her blir det mykje moro. Bli med då vel! Frå 20.-22.februar i Ørsta.
Er det vaksne som kan vere "bakvakt", d.v.s. bidra med henting dersom noko skulle skje? Ta kontakt med arrangør

Skøyteis på Hovdevatnet!

sk_yter.jpg

Nytt høvet, det er ikke godt å vite kor lenge det varer. (07.02.2018)

Friluftsforeninga har turskøyter til utlån. Dette er lengdeløpskøyter som du bruker skiskoa på. (Sjå info under Utstyr i menyen)
Kontakt Koen/Lundberg på tlf. 91688312 / 97984310 om du vil låne

Flotte skiforhold! Her er tips til tur-/aktivitetsområde nær Volda

skil_par.jpg

Volda skisenter: Alpinanlegg. Her er det i tillegg langrennsløyper og skiskytararena. Frå skisenteret kan du ta topptur til Melshornet. Du kan også starte denne turen frå parkeringsplassen ved Helgatun. Herifrå kan du også gå innover Rotevassdalen. her er det ulike turmål, t.d. Rotevassætra.

Frå Ørsta skisenter er det fint å ta turen til Åmskaret. Du kan også ta topptur til Veirahaldet (1200 moh)

23. september 2017: Blomster og bier i Aasentunet

bie.jpg

Biene er viktige! Her kan du få vite meir om dei. Dette er kjekt for både store og små! Eit samarbeid med Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Arrangementet er gratis og startar kl.12. 

Friluftsforeninga med stand på Voldadagen

Presentasjon av tilboda våre
Presentasjon av tilboda våre

I lag med mange andre presenterte vi oss på Voldadagen. Det var god deltaking og godt oppmøte. Vi hadde bra besøk.

Arne Gotteberg får stor takk for sitt engasjement for folkehelsearbeidet!

grillsjef_og_landsbylege.jpg

"Ein hedersmann takkar av!", skriv Sunne kommuner på si fb-side. (mai 2016)

26.november 2016: Reisa til adventsstjerna

kalsethola.jpg

Volda er heldige som har mange ildsjeler. Nokre av dei har fått på plass stjerne ved Kalsethola. Den skal skine over Volda i advents- og juletida. I samband med tenninga vart det fakkeltog til Kalsethola. VELKOMMEN !

Familieaktivitetar sommaren 2016

_rneset_4.jpg

Det er mange kjekke aktivitetar for familiar i Volda og Ørsta i sommar. Sjå lenker under, så finn du kanskje noko som DU har lyst til å vere med på.
Turorientering og jakt på postar er også tips til kjekk sommaraktivitet.

7. februar 2016: "Kom deg ut-dagen

kom_deg_ut.jpeg

Kom deg ut-dagen i Volda vart arrangert på Raudehytta (Kleppesætra). Mange vart med på ein kjekk dag. Det var bål, turtipp og akekonkurranse. Takk til arrangørane!

Ålesund og Sunnmøre turistforening var arrangør. 

Barmarksaktivitetane 2016 startar opp!

img_0009.jpg

Barneturlaget: Tur til Uglesætra på Dimna 28. mars. 
Mandagsturane startar opp 2.mai. Kom gjerne med ønske/turforslag!
Turorienteringa tek vi sikte på startar tidleg i mai. Vi treng som vanleg hjelp til å legge ut postar. Info kjem!

3.februar 2016: Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal på besøk i Volda/Ørsta

kultur_og_folkehelseutvalet_medium.jpg

Utvalet ønskte å møte frivillige lag og organisasjonar. Leiar i Friluftsforeninga Volda var invitert til å halde innlegg om "Frivillige si rolle i å utvikle gode/mangfaldige aktivitetsområde"

kultur_og_folkehelseutvalet_februar_2016.pdf

Nytt turkart og merking av turstiar

imag0338.jpg

Spanande møte med Volda kommune i dag (26.09.12). Frivillege lag, organisasjonar og enkeltpersonar var inviterte til oppstartsmøte for utarbeiding av turkart og merking av turstiar i Volda.
Konklusjonen er at ein vil starte i det små og så utvikle dette etterkvart som ein gjer seg erfaringar. Her vil friluftsinteresserte få høve til å engasjere seg og å bidra med ryddearbeid, merking o.l.

Trening til Jentebølgen i Ørsta 8.juni 2012!

jenteb_lgen.jpg

Sjølv om skisesongen er over for i år, inviterer vi no med alle skidamene til gå-eller joggetrening langs eller rundt Rotevatnet kvar torsdag kl.19.00, med oppmøte på Årneset.

Grindbygg ein kan søke ly i kring Volda sentrum

Det er sett opp fleire grindbygg og ei gamme i naturen kring Volda sentrum. Her kan du søke ly om du vil.

9. mai 2014: Paddesafari i Austefjorden

padde.jpg

Mange var med på paddesafarien!

15. september 2013: Ivar Aasen-tunet arrangerer soppdag

kantarell.jpg

Les meir HER

soppdag_i_aasentunet.docx

Alle 1.klassingane i Volda fekk turheftet "God tur" i gåve frå Friluftsforeninga ved skulestart!

Vi håper at dette kan vere til inspirasjon for store og små til å kome seg ut på tur i kommunen vår. Her er fantastisk mange flotte turområde. "God tur" skildrar nokre av dei lettast tilgjengelege.

12Next

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761