logo_i_ver_og_vind.jpg

Informasjon om Gjesteboka

Gjesteboka er ei nettside og ein app der du kan registrere besøk på ulike turmål. Det er også lagt til rette for konkurransar. I 2018 testar vi Gjesteboka i turorienterings-konkurransen

For å bruke Gjesteboka må du opprette ein brukar, enten i appen eller på nettsida

Når du besøker eit turmål kan du enten registrere at du er på turmålet med appen, eller du kan registrere besøket på nettsida når du kjem heim. (sjå "oppskrift" i vedlegget) Nokre turmål har gps-spor som du kan følge.

Konkurransen Volda turorientering:
Betaling/påmelding:
Kvar deltakar må ha sin eigen brukar. Gå inn på konkurranser, der finn du konkurransen "Volda turorientering". Du blir med i konkurransen ved å betale. Prisen er kr. 100 for vaksne (over 16 år) og kr. 50 for barn. Vaksne kan betale både i app og på nettsida. Barn kan kun betale på nettsida. Det er mulig å betale både med SMSpay og med kort. Ver merksam på at betaling med sms krev at abonnementet ditt tillet betaling gjennom mobilrekning.
Det står nyttig informasjon under konkurransen i Gjesteboka (Konkurranser - Volda turorientering - trykk på kokurranselenka)

Registrering:
Når du er på eit av turmåla som er med i konkurransen, registrerer du deg og poenga dine vert automatisk registrerte i konkurransen.
Du kan følge med på kor mange poeng du sjølv og andre har. Finn gjerne nokon å konkurrere med, men hugs at det viktigaste er at du kjem deg ut og får dei opplevingane du sjølv set pris på.

Uavhengig av når du melder deg på, vil alle besøk som er registrerte i perioden 1.mai-20.oktober telle med i konkurransen. Det vil sei at dersom du melder deg på 15.juli så vil alle registreringane du gjer på turmåla i perioden 1.mai-15.juli telle med, ikkje berre dei etter 15.juli. Merk at du kan etterregistrere turar du har vore på. Det må du gjere på nettsida.

Nederst på nettsida til Gjesteboka fin du blogg, kontaktinformasjon og FAQ. I appen finn du Hjelp-spørsmål/svar under hamburgermenyen, då kjem då inn på nettsida. Her er det tilgang til chat

2018_gjesteboka_registrer_p_nettsida.pdf

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761