logo_i_ver_og_vind.jpg

Stikk-Ut!

stikk-ut_.jpg

Volda kommune har meldt seg inn i Sunnmøre Friluftsråd frå 2018 og dermed blir det Stikk-Ut!-turar i kommunen! HER finn du turane.

Friluftsforeninga vil ha samarbeid med kommunen om Stikk-Ut! Turane skal m.a. vere registrerte på morotur.no og her har Friluftsforeninga tatt eit ansvar.

Ti Turmål 2016: Gildrehammaren

20161013_173726.jpg

På grunn av lite oppmøte dei siste sesongane på fellesturane, blei det ingen tursøndag/fellestur i år

Turomtale på Volda kommune si heimeside. Morotur Gildrehammaren

Ti TURmål 2015: Vadsteinsætra

20141115_141832.jpg

Vadsteinsætra har hatt 67 registrerte besøk i turmålperioden. Vinnar av TiTurmål-premien vart Elisabeth Innselset. Gratulerer!

Friluftsforeninga Volda sitt turmål i år er Vadsteinsætra. Her finn du turomtale: Morotur - Vadsteinsætra frå Vadsten.  Morotur - Vadsteinsætra frå Krøvelsætra
Her er dei andre turmåla i Ti turmål 2015 og HER er oppsummering av årets Ti Turmål-sesong

2015_volda_kommune_titurm_l.pdf

13.september 2015: Ti TURmål-søndag til Vadsteinsætra. Felles avgang kl.11:00

20150524_164142_1_476.jpg

Det var ingen som møtte på fellesturen. Det er nok ikkje fordi folk har slutta å gå på fjellet; snarare tvert i mot. Kanskje nytta mange dagen til ein kviledag etter mange finevers- og fjelldagar?

Ti TURmål 2014: Melshornet

20140601_124225.jpg

21. september ti turmål-søndag: Siste ti turmål-søndag gjekk til Melshornet. Det var ope på Turnhytta med servering av saft og banan og høve til ein prat. Litt regn og vind var det på denne dagen så det var ikkje så mange som tok turen, men for dei som var ute på tur, var det ein kjekk tursøndag.

Ti TURmål 2014: Vinnar av premien på Melshornet vart Reidun Haanes Egge

hovudlykt.jpg

Premien frå friluftsforeninga var ei hovudlykt. Gratulerer! 

16. juni 2013: Ti Turmål-søndag til Botnasetra

20130514_203012.jpg

Friluftsforeninga Volda arrangerte Ti Turmål-søndag til Botnasetra, vidare til Skarphornet og ned att i Høgedalen. Det  var mange på tur denne fine dagen og dei som blei med på heile runda hadde ein flott tur i, for dei fleste, litt ukjent terreng. Turomtale HER

Ti TURmål 2012: Gildrehammaren

Gildrehammaren er Friluftsforeninga sitt Ti TURmål i 2012. Ein sentrumsnær tur med flott utsikt! Les om turen HER

Den opprinnelege tursøndagen var sett opp 16.september. Dette er same dag som det er Kvivsvegarrangement. Vi arrangere difor TURMANDAG i staden, den 17.september. Sjå annonse i Møre!

Informasjon om alle ti turmåla finn du på Volda kommune si heimeside: Trykk HER

17. september 2012: Mandagstur til Gildrehammarem

5__flott_utsikt_og_ein_benk__kvile_p_.jpg

Ti turmål-søndag vart endra til turmandag p.g.a. opning av Kvivsvegarrangement

Ti TURmål 2011: Grinda

Grinda
Grinda

Grinda er Friluftsforeninga sitt turmål i år. Dette er ei grindaløde som ligg øvst på Klepp i Volda sentrum. Det er eit hyppig besøkt turmål; naturleg nok sidan den er lett tilgjengeleg og sidan det er svært god utsikt utover Volda her i frå. I 2005 var Rotary 100 år og Volda Rotaryklubb ga Grinda i gåve til Volda kommune.

Ti TURmål 2011: Tursøndag til Grinda på Klepp 22.mai

Grindaløda
Grindaløda

Det vart ein flott turdag med temperatur som varma, etter fleire våte og litt kalde dagar. 7 store og små vart med på fellesturen, men mange fleire var på Grinda denne dagen; vi møtte mange av dei. 

Ti TURmål 2010: Reset/Volda skisenter Les meir HER

img_0864.jpg

Friluftsforeninga sitt turmål i 2010 er Reset/Volda skisenter. For å kome til dette turmålet kan du til dømes gå den nye skogsbilvegen frå pumpehuset øvst i Brattebergfeltet. Returen kan du ta via Driveklepp og Dalen. Bilete frå turområdet kan du sjå HER

Tursøndag 30.mai: Omlag 60 personar - frå 3 mnd til vel 80 år - kosa seg i sola på Reset. Dei fleste gjekk den nye skogsvegen frå høgdebassenget, men nokre kom også andre ruter. Her var både gåande, trillande og syklande turfolk. Volda skisenter hadde leita fram grillane så vi fekk grilla oss pølser og anna turmat. Ein flott dag!

Ti TURmål 2009 på Rotsethornet: 805 registrerte besøk!

Rotsethornet 3.oktober 09
Rotsethornet <a href="http://3.oktober" target="_blank">3.oktober</a> 09

Det har blitt trekt ut 2 vinnarar som får gåvepremier, men desse blir ikkje offentleggjorde endå. Det skal også trekkast premievinnarar på alle dei andre turmåla.
Registreringsbøkene til Ti Turmål har lagt ute i perioden 1.mai-30.september.

FOTOKONKURRANSE i samband med Ti Turmål 2009: Informasjon finn du på Volda kommune si heimeside. Trykk HER

20.september: Ti Turmål 2009 Tursøndag til Rotsethornet

aurora_p__toppen.jpg

Omlag 30 personar trossa vind og regn og blei med på tur til Rotsethornet. Stien opp var slett ikkje så verst til tross for mykje nedbør siste tida. Det var også ganske mildt, og heller ikkje så mykje vind og regn. Matpausa på toppen kunne vi faktisk nyte i sol!
Etter 2 t var alle på toppen. Det var fin spredning i alder,- den yngste 5 år og den eldste 77 år. Nokre var der for første gong og andre hadde vore der fleire gongar før. Vi gjekk opp framsida og ned att Lisjedalen. Litt glatte røter i Lisjedalen, men vi tok oss god tid og alle kom heile ned att.

Takk for ein flott tur til alle som var med!

Ti Turmål 2008

Friluftsforeninga har ansvar for desse turmåla i 2008:
- Skarphornet - Volda sentrum        TURSØNDAG: 8. JUNI
- Høgefjellet - Grøndalen                 TURSØNDAG: 14. SEPTEMBER

Bilete frå Skarphornet

 

 Frå tursøndagen



12Next

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761