logo_i_ver_og_vind.jpg

Damekveldar på ski

Friluftsforeninga er glade for å kunne tilby skikveldar for damer. Dette er eit unikt tilbod som mange damer rundt omkring i landet misunner oss. Kvar mandagskveld, så lenge det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Volda skisenter frå kl.18.30-21.00

Ansvarleg: Berit Koen, tlf.: 91688312  e-post: trykk her

Damekveldane passar godt for deg som er usikker på ski, eller som ønsker å trene i trygge omgjevnader, eller som rett og slett har lyst til å renne på ski i lag med andre damer. Du vil få råd og rettleiing om du ønsker det, og vi hjelper kvarandre. Dersom du har lyst til å prøve snøbrett, har du også høve til det. Friluftsforeninga har snøbrett til utlån. 

Damekveldar på ski er eit medlemstilbod for damer over 18 år. Dersom du ikkje er medlem i Friluftsforeninga frå før, må du altså betale medlemskontingent for å vere med på dette. Denne er på kr. 250,-. I tillegg skal Volda Skisenter AS, som stiller anlegget til disposisjon for oss, ha trekkleige. Denne er på kr. 300,- for vinteren 2017/18.  

Betaling med Vipps:
Det er fint om du betaler med Vipps. Betal helst trekkleiga direkte til Volda skisenter med Vipps : Velg Betal → Søk opp Volda skisenter → Velg Skidamekveld - sesongkort kr. 300.
Alternativt: Betal med Vipps til Friluftsforeninga. Informasjon finn du HER (Velg Dameski - trekkleige 2018 frå menyen). Eventuelt får du tilsendt faktura ved slutten av skisesongen.

Når du betaler med Vipps ser vi kven som har betalt, du treng ikkje merke innbetalinga med namn.

Betaling til konto:
- Trekkleige skal betalast til kontonummer: 3991 40 38395 (Kr. 300)
- Medlemskontingent til kontonummer: 3991 04 19254 (kr. 250,-)

Vi vonar du får mange trivelege skiopplevingar på damekveldane på Reset!

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761