logo_i_ver_og_vind.jpg

Damekveldar på ski

Friluftsforeninga er glade for å kunne tilby skikveldar for damer. Dette er eit unikt tilbod som mange damer rundt omkring i landet misunner oss. Kvar mandagskveld, så lenge det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Volda skisenter frå kl.18.30-21.00

Ansvarleg: Berit Koen, tlf.: 91688312  e-post: trykk her

Dameskikveldar sesongen 2018/19

Skiglede
Skiglede

Snøen har vist seg fram og det er nok mange bein som kriblar. Til dei som lurer: Det blir dameskikveldar denne sesongen også! Informasjon om oppstart kjem. Følg med her eller på fb.

Dette er 25.sesongen med dameskikveldar! Informasjon om dameskikveldane

Damekveldar på ski sesongen 2017/2018

dameski.jpg

Vi har no avslutta damekjøringa etter ein fantastisk sesong. Heile 12 kveldar har vi hatt!
Volda skisenter stiller anlegget til disposisjon og legg svært godt til rette for skiglade damer. Takk til dei for godt samarbeid! Takk også til Berit og Per Ernst som framleis stiller opp. Neste år vert det sesong nr. 25!!

Dameskikveldar i 2017

skidamer.jpg

Det vart to flotte kveldar; 9. og 16. jan. Etter det blei det dårleg med snø og dameskikveldane er difor avslutta for denne gong.

Volda skisenter stenger for vinteren og dameskikveldane 2016 er difor avslutta

20150119_182440.jpg

Heismann Hå og Berit nyttar høvet til å takke for nok ein fin sesong. Damene har synt imponerande innsats og stor skiglede! 
Om du ikkje har betalt trekkleige eller medlemsavgift, kan du no betale den også med mCASH(28.03.16)

2015: Dameskikveldane på Volda skisenter er no avslutta.

telemarkdame_1.jpg

Det har vore ein fantastisk skisesong. Kvar mandag frå 5.januar til 16.mars har det vore dameskikveldar (med unntak av ein kveld). Damene melder om kjekke og lærerike skiøkter. Tusen takk til Volda skisenter som legg forholda så godt til rette, og ikkje minst til Berit og Per Ernst som er primus motorar, og til Ingunn som stiller med te som varmar i både kropp og sjel! Vi satsar på ein like fin skisesong neste år.

I 2014 vart det diverre ingen dameskikveldar

Ein snøfattig vinter gjorde at det ikkje vart ein einaste dameskikveld! Vi får håpe på betre snøtider i 2015.

Dameskikveldane er slutt for sesongen 2013

Snøbrettdame
Snøbrettdame
Tusen takk for mange fine kveldar!

AVLYST: Ingen dameskikveld måndag 4.april! Sesongen er avslutta

den_nye_barnebakken_2.jpg

Etter ei totalvurdering har vi vurdert forholda slik at det ikkje vert dameskikveld i dag. Det betyr at sesongen er avslutta etter 13 kveldar med dameskikøyring. Heismann Hå og Berit takkar alle blide damer for flott innsats! Vonar de får mange fine vårskiturar i Sunnmørsfjella i påska:)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761