logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagstursesongen 2018

20180528_202523.jpg

Årets mandagstursesong er avslutta og her er ei lita oppsummering:

Det var ein ganske fin vårsesong, men hausten har vore våt og også nokså kjølig. I alt har 44 personar vore med på 14 turar. 3 av turane har hatt 21 deltakarar, medan vi på det færraste har vore 3 personar. Men uansett kor mange vi har vore, har vi hatt det kjekt på tur.

Kom gjerne med ønske for turar til neste år!

24.september 2018: Mandagstur til Hovdeåsane

20180919_181626.jpg

Sesongens siste mandagstur gjekk til Indre- og Ytrehovdeåsen. Eit flott turterreng der Hovdebygda soge- og velferdslag har gjort ein flott job med merking og vedlikehald av stiar!

17. september 2018: Mandagstur Aursnesvatnet rundt

20180527_145134.jpg

Flott tur i regnver rundt Aursnesvatnet i Selvågane! 

10. september 2018: Mandagstur til Kråkenakken

20180830_205204.jpg

Vi gjekk vegen opp til Botnasætra og så ein avstikkar bort til Kråkenakken. Delvis på sti og delvis utan sti. Vi begynte å merke råsa frå Botnasætervegen og bort til Kråkenakken. Vi var sju på tur i, for det meste, opphaldsver.

3. september 2018: Mandagstur til Fløstranda

20180903_184621.jpg

Etterkvart som klokka nærma seg 18, seig tåka lenger og lenger ned. Vi valgte difor å gå kyststien frå Gåsneset til Flø i staden for å gå i tåke til Breidfjellet

27.august 2018: Mandagstur til Garnestua

20140811_192231-1.jpg

NB! Endra turmål! Mørket kjem såpass tidleg at det vert for langt å legge turen til Bjørnasethornet. Vi tek difor turen til Garnestua, ein fin tur i Ulstein kommune.

Kun ein person møtte opp, så turen blei avlyst

20.august 2018: Mandagstur til Helgehornet

20170526_173242.jpg

Vi starta på Eidheim og gjekk denne ruta, ein kjekk variant. Det var opplett i starten, men etterkvart vart det litt tåke og småregn, noko som gav flott lys.  

13. august 2018: Mandagstur til Rambjørhornet

20150813_183831.jpg

Vi gjekk frå Mosætra (første del av denne turen). Ei litt bratt oppstigning frå 330 til 804 m.o.h på god sti. Fantastisk utsikt på toppen! Vi var 6 turgåarar denne flotte kvelden. Vindstille og sol.

6.august 2018: Mandagstur til Gjøna

img_0923.jpg

Det var åtte personar med på turen som gjekk i litt varierande vêr. Ei lita regnbyge då vi starta på ryggen opp på Saursegga, men god sikt på resten av turen. Vi fann ut at det var lurt å gå om Hanen då det var tørrare sti her. Ein tek då av litt etter 3. masta, ikke so tydeleg sti der ein tek av. Du kan lese om turen på morotur.no

25.juni 2018: Mandagstur til Daurmålshornet

20180608_190709.jpg

Flott siste mandagstur før sommarferien! Denne gongen gjekk turen til Hornindal. Etter nokre regnfulle dagar, var vi heldige og fekk sol og ca 15 grader. 

Første tur etter ferien går til Gjøna i Sande den 6.august

18.juni 2018: Mandagstur til Keipen i Bondalen

20170824_143949.jpg

På ein grå mandagskveld var det 10 personar som ikkje lot seg skremme av veret, vel vitande om at grått ver = flugefri tur. Nokre starta frå Thereseråsa, medan resten tok den mest vanlege varianten frå Heimste-Holen. Stiane møtest på omlag 350 høgdemeter og herifrå gjekk vi i samla tropp.

11.juni 2018: Mandagstur til Midtfløhornet

20170625_150152.jpg

Ein fin tur til Midtfløhornet og Veten, men diverre kom skodda så det vart ikkje optimal utsikt. Ein god grunn for å ta opp att turen ein annan gong. 10 personar og ingen fluger (!) var med på turen.

4.juni 2018: Mandagstur til Nakkevatnet og Nykkjavatnet

dsc02119.jpg

Turen har same start som turen til Liadalsnipa. Ved Nakkevatnet gjekk vi vidare på høgre side av vatnet opp til Nykkjavatnet. 

28.mai 2018: Mandagstur til Levandehornet

levandehornet_1.jpg

Ein fantastisk flott kveld. Skyene trua ei stund, men det vart sol, flott turver, stille på toppen og flott utsikt. 22 nøgde turgåarar. 

14.mai 2018: Mandagstur til Løkeberget

l_keberget.jpg

Turen starta med korpsmusikk gjennom Haddal, ei fin opptakt. Det var lettskya og noko skodde, men fint og mildt. På toppen var det skodde, så vi var skuffa over at vi ikkje fekk utsikt. Men så opna det seg opp og vi fekk flott utsikt mot Vartdalsfjell og Snipsøyrvatnet; magisk lys!

7.mai 2018: Mandagstur til Nonshornet

nonshornet.jpg

Heile 21 personar var med på sesongstarten. Veldig kjekt at det også var med ein del ny mandagsturgåarar! Vått i marka, men fin tur i deilig vårver.

Mandagsturar 2018

friluftsforeninga_levande_3.jpg

Mandagsturane startar 7.mai. Du finn oversikt over årets turar i vedlegget. Generell informasjon om mandagsturane finn du HER.

Satsar på at snøen forsvinn etterkvart slik at turane går som planlagt. Viss ikkje, blir endringar annonserte på nettsida og på fb-sida

2018_mandagsturar.pdf

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761