logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagsturar - program for 2017

img_0009.jpg

Turprogrammet er klart. Oppstart 8.mai. Velkomne på tur !

Aktivitetane for vaksne krev medlemskap. Du kan sjølvsagt "prøvegå" før du bestemmer deg for om dette er noko for deg.

Informasjon om medlemskap finn du i menyen under "Medlemskap".

2017_-_mandagsturar.pdf

Mandagsturane 2017 - oppsummering

Vi har vore på 15 turar; fire i Volda, fem i Ørsta, tre i Hareid, ein i Ulstein, ein i Herøy og ein i Hornindal kommune. I alt har knapt 50 personar vore med. 

25. september 2017: Årets siste mandagstur - Daleteigane

daleteigane_i_rsta.jpg

Vi møttest på parkeringsplassen ved gravplassen i Ørsta.  Derifrå fulgte vi stien langs elva. Dei fleste av oss hadde ikkje vore her før, så det var kjekt å bli litt kjende i eit område vi berre hadde høyrt om.

18. september 2017: Mandagstur til Kamben

kamben.jpg

Fin kveld på Bjørke der vi var 8 personar som tok turen til Kamben. Det var greit å finne vegen, utsikta var fin og vi nådde akkurat ned att til bilane før mørket kom. Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur :)

4. september 2017: Mandagstur til Rjåneskamben

rj_neskamben.jpg

Det stig ganske bratt 300 m opp til Rjåneskamben, men for ei flott utsikt ein får på toppen!

11.september 2017: Mandagstur til Hovdenakken

20170809_170925_kopi.jpg

Haustfargane har begynt å melde seg, så no er det flott i fjellet. Vi var sju turgåarar som hadde ein flott mandagstur. Kjekt med nokre nye turgåarar i kveld.

28. august 2017: Mandagstur til Vardeskaret frå Aldalen

20170828_193847.jpg

Turen starta frå parkeringsplassen i Aldalen (oppe på støylen). Stien var stort sett god å finne, men nokre plassar måtte vi leite litt for å finne rette vegen. Vi var tre på tur på ein mild kveld med litt regn. 

14.august 2017: Mandagstur til Blåtindråsa frå Ville

Kvile
Kvile

Blåtindråsa er ei av fleire populære råser i Bondalen/ved Sæbø. Fem galde damer gjekk turen

21.august 2017: Mandagstur til Aurstadsætra

Sjølv på ein gråversdag er utsikta fin
Sjølv på ein gråversdag er utsikta fin

Vi gjekk denne ruta: Aurstadsetra
6-7 personar var med på turen. Fin og mild mandagskveld

7. august 2017: Mandagstur til Hasundhornet

20170507_122904.jpg

Det er enno ferietid, men seks personar møtte opp for å vere med på mandagsturen til Hasundhornet - «Ekstremruta»

26.juni 2017: Mandagstur til Klovetinden

klovetinden_3.jpg

Klovetinden stod på programmet på siste tur før ferien. Det var nokså grått ver, men det stoppa oss ikkje. 

19.juni 2017: Mandagstur til Sandfjellet

dsc01622.jpg

Sandfjellet (1177 moh) er ein av toppane i Hornindal rundt. Vi køyrde til Hjortedalen og starta turen litt etter Hjortedalssætra.

29.mai 2017: Mandagstur til Kvivsvatnet

kvivsvatnet.jpg

Ein mild og fin kveld, men snøsmeltinga har gitt store elvar, så det var spanande å forsere desse. Litt våte på bein blei vi, men det gjorde ingenting. Ved vatnet låg det tåke, elles var utsikta fin. Du finn omtale av turen HER. Vi var 18 på tur

12.juni 2017: Mandagstur til Kongsvollen

kongsvollen.jpg

Vi var åtte turgåarar som tok turen til Kongsvollen. Tåka låg på ca 400 m.o.h. så vi fekk berre glimtvis sett den fine utsikta. Men kvelden var likevel fin, - og flugefri! 

22.mai 2017: Mandagstur til Skafjellet

20170415_134922.jpg

Flott mandagstur til Skafjellet i Hareid kommune. Middels tung og fin tur. Vi fekk ein nydeleg kveld med sol og vindstille. 16 personar var med på turen. Vi gjekk opp frå Bigset barnehage og fulgte ruta på morotur.no. 

15.mai 2017: Mandagstur til Helgehornet

dsc01329.jpg

Turstart i Sollidalen. 10-12 personar var med på turen

8.mai 2017: Mandagstur til Sandvikhornet (350 moh)

unnamed_5_.jpg

Ein fin start på årets mandagstursesong. Ein forholdsvis lett tur med flott utsikt!

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761