logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagsturane 2016 - oppsummering

Haddalhornet
Haddalhornet

Det har vore mange fine turar og god deltaking.
62 personar har vore med totalt, og vi har vore i snitt 15 pr. tur. 

Kom gjerne med turønske/-forslag for neste sesong! 

26. september 2016: Heltnelihuken - avslutning mandagsturar

heltnelihuken.jpg

Avslutninga av årets mandagsturar var i Heltnelihuken. Ein triveleg kveld med ost og kjeks, og fyr på bålpanna. 

19. september 2016: Mandagstur til Høgåsen

h_g_sen.jpg

Vi starta ved grendahuset i Hjartåbygda og tok stien ned i skogen ved starten av idrettsbana. Ruta gjekk ned til Furneset og så opp på Høgåsen. 

12. september 2016: Mandagstur til Pølsa frå Rystefeltet

p_lsa.jpg

Vi starta i svingen ovanfor Tussabygget øvst i Rystefeltet. Det var ein mild og nydelig septemberkveld. 

5. september: Mandagstur til Humbersetsætra

20140901_190525.jpg

Vi gjekk frå Vassbotnen, til Humbersetsætra og over til Humberset. Ein mild og fin kveld. Til tross for dagar med mykje regn, var det ikkje veldig vått i marka. Vi var 10 på tur.

29. august 2016: Mandagstur til Nivskollen

20150626_182513-1.jpg

Nivskollen er eit flott utsiktspunkt vest for Niven/Ring.Vi fekk flott ver og hadde ein kjekk tur. 12 var med på turen, og det er kjekt at det stadig dukkar opp nye fjes.

22.august 2016: Mandagstur til Hustadnestua

dsc01939.jpg

Flott kveldstur til Hustadnestua i behageleg seinsommarver. Ingen stadar er ein vel omgitt av så majestetiske fjell som i Hjørundfjorden! Rett og slett vakkert. 

8. august 2016: Mandagstur til KlovetindenPå grunn av vertilhøva, vert det eit anna turmål: Melssætra

klovetinden.jpeg

Første tur etter ferien skulle gått til Klovetinden, men det var meldt så mykje nedbør og lavt skydekke at ein valde å avlyse turen til Klovetinden og i staden ta ein tur til Melssætra i Ørsta. Tre personar var med på turen, og den eine var eminent guide for oss to andre.
(Turen til Klovetinden blir sett opp att neste år)

15.august 2016: Mandagstur til Nivane i Ørsta

20150911_170801.jpg

Vi hadde ein fin tur til Nivane. Tåka var stort sett vekke, men restar av den var i rørsle og laga mykje flott lys! Vi var 15 på tur.
Turomtale på morotur.no

27.juni 2016: Mandagstur til Middagsfjellet/Øyenibba i Hornindal

dsc00396.jpg

På siste mandagstur før sommarferien kryssa vi fylkesgrensa og gjekk tur i Hornindal kommune. Ein fin tur til Middagsfjellet, 848 m.o.h., der 19 turgåarar var med.

20.juni 2016: Mandagstur til Rjåhornet (Gurskøya)

20150819_183250.jpg

Vi gjekk ruta frå Djupvika. Rjåhornet ligg i ope landskap og har flott utsikt! Det var jamn stigning frå 20 til 598 m.o.h. Litt vind og litt regn, men likevel ein ganske mild kveld. 17 var med på turen og i dag var vi internasjonale. Norge, Syria og Irak var representerte.

13. juni 2016: Mandagstur til Levandehornet

levandehornet.jpg

Flott tur til Levandehornet i fint sommarver! Vi gjekk frå Busetsætra og hadde med lokalguiden Kari Leikanger Buset. Takk til henne. Omlag 20 personar var med på turen

6. juni 2016: Mandagstur til Haddalhornet

Flott utsikt frå toppen!
Flott utsikt frå toppen!

Vi starta frå Indre Haddal og gjekk stien langs elva opp Klungsdalen og gjennom Klungsdalskaret. Returen tok vi via ein liten topp der det står ei mast. 18 på tur i dag, men tre mista vi undervegs, så dei gjekk på Hasundhornet ;)

30.mai: Mandagstur til Aurstadsætra

aurstads_tra.jpg

Turen gjekk frå Årset til Aurstadsætre. 14 var med på turen på ein litt grå kveld. Sidan den faste turleiaren var vekkreist, var Helene vikar. Takk til henne.

23.mai 2016: Mandagstur til Skaphornet 

Haralddalssætra
Haralddalssætra

Skaphornet ligg inst i Austefjorden. Vi gjekk via Haralddalssætra, vidare på grei sti til Busseskaret og derifrå til topps utan sti. 

9. mai 2015: Mandagstur til Helgehornet

dsc01309.jpg

Det var ein mild og fin vårkveld. Vi starta frå skytebana og gjekk "normalruta" opp. Ned att gjekk vi ryggen mot Voldsfjorden. Vi var 21 på tur.

2. mai 2015: Mandagstur til Dimna

Ertesvågvatnet
Ertesvågvatnet

Turen gjekk til Uglesætra, gjennom Ugleskogen og vidare heile Uglerunda. På Uleberget tok vi ein rast og vi tok også ein avstikkar til Stemnehornet. Heile 28 var med på turen! Det var ein mild og fin kveld.

Mandagsturar 2016 - Turprogrammet er klart! 

Frå tur til Sæbønestua
Frå tur til Sæbønestua

Vi startar med ein lett tur til Dimna 2.mai. Då går vi til Uglesætra og vidare Uglerunda . Deretter vert det varierte turar utover våren og t.o.m. september. (sjå vedlegg)

Har du spørsmål? Ta kontakt på friluftsforeninga@gmail.com eller 91621147. På vaksenaktivitetane har vi krav om medlemskap, men ein får prøve seg på tur først om ein er i tvil om dette er noko ein vil vere med på. Hugs at de kan betale medlemskap med mCASH.
Les meir om mandagsturane HER

2016_mandagsturar.pdf

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761