logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagsturar 2015

img_9035.jpg

Turprogrammet er klart!

Informasjon om turane kjem på heimesida og på fb-sida omlag ei veke på førehand.

2015_mandagsturar.pdf

28. september 2015: Avslutning mandagsturar i Presteseterhuken 

img_0635.jpg

Tradisjonen tru avslutta vi mandagstursesongen med ost og kjeks, denne gongen i den nye Presetseterhuken. Har du idear til turar i 2016 er det berre å melde i frå på tlf eller e-post!

21. september 2015: Mandagstur i Hovdeåsen

aasentunet.jpg

Vi starta kvelden i Aasentunet med Helga Synnevåg Løvoll sitt foredrag "Den gode turen". Etterpå gjekk vi den gode turen. Ein kjekk kveld

14. september: Mandagstur til Lisjedalssetra

lisjedalss_tra.jpg

Valdagen vart ein fantastisk fin haustkveld. Nærmare 20°! Turen starta øvst i byggefeltet i Fyrde. Vi gjekk på god sti i fin furuskog opp til Lisjedalssetra. 

7.september 2015: Mandagstur Bratteberg-Ekombakken-Dunderhoff

Ved Dunderhoff
Ved Dunderhoff

Ved avreise frå høgskulen var vi fem personar, men fleire hengde seg på etterkvart så totalt var vi tretten på tur.

31.august 2015: Mandagstur til Kalvedalen

Frå turen i fjor
Frå turen i fjor

Kalvedalen er ein idyllisk dal der vatnet er omkrinsa av sunnmørstindar.

24.august 2015: Mandagstur til Lidaveten

img_9749.jpg

Vi gjekk frå Berknessida. HER er ruta vi gjekk. Ein flott kveld,- sol, kring 20° og ein nydeleg solnedgang på turen heim. Vi var 14 på tur.

17.august 2015: Mandagstur til Roppehornet

img_0008.jpg

HER er ruta vi gjekk

10.august 2015: Mandagstur til Sæbønestua

s_b_nestua.jpg

Vi gjekk denne ruta: Morotur - Sæbønestua

29. juni 2015: Mandagstur til Hallehornet

hallehornet.jpg

Det blei ein flott tur til Hallehornet. Det hadde regna godt tidlegare på dagen og tåka låg tidvis lavt. Vi var difor spente på om vi kom til å få sjå noko av den flott utsikta frå toppen. Det fekk vi!

22. juni 2015: Mandagstur til Sætrehornet i Hornindal 

Middagsfjellet-opprinneleg turmål
Middagsfjellet-opprinneleg turmål

Turmålet vart endra frå Middagsfjellet pga snøtilhøva

15. juni 2015: Mandagstur Stokkehornet

img_1412.jpg

Stokkehornet ligg i Bondalen. Vi tok av ved postkassestativet til Stokke. Tok av til venstre i første "skogsvegkryss" og mot høgre i neste kryss. Turen starta ved ei lita utkjørsle. På ein regnfull mandag var det 8 som var med på turen. Vi fekk både litt regn og litt snø, og eit bittelite solgløtt. Ein fin tur.

8.juni 2015: Mandagstur til Storetua (Sande kommune)

storetua_morotur.jpg

Turomtale på morotur.no HER

25.mai 2015: Mandagstur til Sandvikshornet 

sandvikshornet.jpg

Fem personar vart med på tur til Sandvikshornet i Sykkylven 2. pinsedag.

1. juni 2015: Mandagstur til Vadsteinsætra

20150524_164142_1_.jpg

Vi gjekk i frå Vadstein, ei litt bratt oppstigning. Turomtale HER. I år er Vadsteinsætra eit av "Ti turmål" - eit samarbeid med Volda kommune.

18.mai 2015: Mandagstur til Hasundhornet

hasundhornet.jpg

Vi gjekk frå drikkevasskjelda etter rundkøyringa like før Ulsteinvik (RV61). 

11.mai 2015: Mandagstur til Hornet

20140517_132656.jpg

Morotur - Hornet

Vi køyrer frå E39-rundkøyringa ved høgskulen/Kiwi presis kl.18. Møt opp litt før. Vi tek oss tid til ei lita rastepause på toppen, så ta gjerne med litt mat og drikke og litt ekstra tøy.

14-15 personar vart med på turen. 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761