logo_i_ver_og_vind.jpg

Turar og arrangement er avslutta for 2014

image.jpg

Mandagsturane, turorienteringa og barneturlaget sine arrangement er no avslutta for 2014. No håper vi på ein snørik vinter med mange dameskikveldar på Volda skisenter

29. september 2014: Avslutning mandagsturar

grindal_da.jpg

Årets mandagstursesong er over. Vi har hatt ein fantastisk fin tursesong. 34 personar har vore med på dei 17 turane og i gjennomsnitt har det vore 9 personar på kvar tur.

 

22. september 2014: Mandagstur til Dunderhoff, Skitnevatnet, Heltnelihuken

heltnelihuken.jpg

Ein flott kveld i turområdet mellom Bratteberg og Turnhytta. Nærturkartet for Volda viser stiane i området.

15. september 2014: Mandagstur til Gunnarråsa på Sæbø

gunnarr_sa.jpg

Stien startar ved nausta like ved fergekaia. Det er godt skilta. God sti går opp gjennom skogen, ofte med god utsikt. Vel oppe kan du ligge i hengekøya og nyte utsikta; eit flott skue! Stien går vidare oppover, og om du vil kan du gå heilt opp på Dalegubben. Turen opp til hengekøya tok omlag 45 min og vi var 11 på tur

8.september 2014: Mandagstur til Sandhornet frå Volda skisenter

volda_skisenter.jpg

Vi gjekk frå parkeringsplassen ved det gamle lisjetrekket

25. august 2014: Mandagstur til Kalvedalen (380-680 moh)

kalvedalen.jpg

Ein fin, men litt våt tur

18. august 2014: Mandagstur til Hallehornet (ca 900 moh). Turen blei erstatta med tur Tverrberget-Ring

hallehornet.jpg

På grunn av veret blei turen endra.

30. juni 2014: Mandagstur til Blåtind (697 m.o.h.)

20130725_181129.jpg

Blåtind er høgste toppen på Hareidlandet og det er mange ruter til topps. Vi gjekk frå Eiksund.

23. juni 2014: Mandagstur til Keipen v/Straumshamn (944 m.o.h.)

img_9565.jpg

Vi var 8 som vart med på tur Jonsokaftan. Veret vart flott så vi fekk ein fin midtsommarkveld.

16. juni 2014: Mandagstur til Ytrehornsnakken (554 moh)

ytrehornsnakken.jpg

Kvivsvegen gir oss nye turmoglegheiter så denne mandagen kryssa vi fylkesgrensa og gjekk på tur i Hornindal

26. mai 2014: Mandagstur til Rotsethornet

20140517_113647.jpg

Retur via Lisjedalen. Fotturar på Sunnmøre: s.154/155, rute 2.28

Mange var med på turen. Det såg litt grått ut, men det letta og blei fin utsikt. Turomtale

19. mai 2014: Mandagstur til Melshornet i Hareid kommune

Ein fin og mild maikveld. Turen starta på traktorveg og gjekk etterkvart over på fin og tørr sti langs ryggen. Flott utsikt i mange retningar, og på toppen er det både ein staseleg varde, sikteskive til omkringliggande toppar og ein kikkert. 12 var med på turen.

12. mai 2014: Mandagstur til Ring frå Gota

Ein fin, mild haustkveld. 14 var med på turen

Turen gjekk frå Gota øvst i Nordalen. Stien er fin heile vegen opp til Ring. Etter ei lita pause på turmålet, spreidde gruppa seg og gjekk ulike ruter heim att: via Gildrehammaren, via Steinhusa, via Nivskollen, via Kleppesætra. Her er meir enn nok ruter å velge mellom!

 

5. mai 2014: Mandagstur til Lidaveten

Det var 13 som var med på turen. Ein fin kveld der temperaturen kraup godt over 10 grader. Det var overskya, men regnet heldt seg vekke.  

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761