logo_i_ver_og_vind.jpg

28.september: Avslutning mandagsturar i Grindaløda på Klepp

images.jpg

4 barskingar møtte opp til ein triveleg, men kald kveld i Grindaløda. Snøen låg langt ned i fjella og tidlegare på dag hadde det både blåst, regna og hagla, så mange syntest nok det freista meir å vere innandørs.

21.september: Mandagstur Bjørdalsvatnet rundt

Ved Bjørdalsvatnet

Ved Bjørdalsvatnet

Runa har ikkje høve til å vere med på denne turen.

Køyr mot Bondalseidet. Ta av mot Bjørdalen og køyr ned til vatnet. Ein spanande tur! Sjå etter eventyrfigurar!

14.september: Helgehornet

p__toppen.jpg

Berre 2 stk møtte opp. Ingen av oss hadde bil, så det blei ingen tur.

7.september 2009: Rystefeltet-Ossetra-Pølsa

Er du heldig, finn du traktkantarell

Er du heldig, finn du traktkantarell

Runa er på ferie og blir ikkje med på denne turen.

Køyr til øvst i Rystefeltet. Gå vidare på skogsveg/sti. Tanken var å gå ei runde om Ossetra og Pølsa. De kan velge om de vil gå til Pølsa først og så ta returen via Dinglavatnet og Ossetra, eller omvendt.

31.august 2009: Horndalsvatnet

honndalen_2.jpg

Dei fleste hadde visst fått nok regn i helga, så det var ingen som ville på tur ikveld.

Vil du gå turen ein annan gong, finn du fram slik:
Start ved Botnasanden/austenden av Rotevatnet og gå opp skogsvegen. Følg den eldste skogsvegen i vegskillet ved bommen. Denne endar ved Horndalsvatnet. Her kan vere svært trolsk i tåke og regn, men sjølvsagt eit flott turmål uansett ver. Omlag 1 t i roleg gange.

24.august 2009: Olavsdalen v/Sæbø

Ved gamma

Ved gamma

Ein mild og fin kveld gjekk 6 stk på tur til Olavsdalen ved Sæbø. Stien opp er lett og finne og god å gå på. Litt bratt er det, men det er fleire naturlege stopp; t.d. ved Skjenkerett, Mikkjelskogen kraftverk og på Lisjesetra. Oppe i Olavsdalen blir ein møtt av steile fjellveggar. Gå til venstre ut til utsiktspunktet. Her er det majestetisk utsikt! Følger du stien frå utsiktspunktet mot Olavsdalen, finn du også lett gamma.

17. august 2009: Turen til Molladalen regna vekk

molladalen_1.jpg

Regn og fotsid skodde sette ein effektiv stoppar for turen til Molladalen. Det blir ikkje sett opp ny tur denne sesongen, men vi prøver igjen neste år.
Vel, ein tur rundt Rotevatnet vart det. Vått, friskt og godt!

10.august 2009: Lisjedalssetra i Austefjorden

Lisjedalsetra

Lisjedalsetra

6 turglade var med på tur denne mandagskvelden. Vi starta i fint ver. Skodda hang rett nok ned i fjella, men det var ein mild og fin kveld. Stien går gjennom fin furuskog og vel framme på setra tok vi ein god rast medan vi hørte toreveret i det fjerne. Vi hadde akkurat fått pakka sekkane og starta returen då himmelen opna seg. Det er sjeldant syn med så store regndråpar som vi opplevde på veg ned att! Men, pytt, pytt, varmen vart skrudd opp i bilane på veg heim att og alle hadde hatt ein gild kveld. Soppfangst (kantarell) blei det også

6.juli 2009: Rotsethornet

p__toppen_4.jpg

Ein nydelig fin kveldstur for oss 4 som var med. Vi gjekk opp framsida, tok oss ei kaffipause på toppen før vi gjekk ned att Lisjedalen. Det var stilt på toppen og temperaturen var perfekt.
Det har vore knapt 500 på Rotsethornet sidan 1.mai. TiTurmål-boka var nesten utskriva

29. juni 2009: Melshornet

Ein varm og fin kveld! Men kvar var turgåarane? Litt her og litt der... :) Ei på Rotsethornet og ei på Melshornet, nokre på ferie og resten tok det sikkert med ro i varmen.

22. juni 2009: Laupsnipa v/Leikong

laupsnipa2.jpg

Start ved Voldnes (Leikong). Her er det greit å parkere ved eit skilt merka "Laupsnipa". Først går ein på skogsveg og så på god sti resten av turen. Omlag 1t til topps. Flott utsikt heile vegen i mange retningar. Absolutt ein tur å anbefale.

Fire damer og ein herre på tur 22.juni.

15.juni 2009: Keipen

På toppen

På toppen

Keipen er den pyramideforma toppen du ser innst i Kilsfjorden. Vi fekk ein fin kveld med ekte Sunnmørsver, d.v.s. stor variasjon. Det var både sol, nokre regndråpar, hagl og snø på toppen og litt skodde. Triveleg å ha med ein dansk gjest. Han fekk oppleve alle fasettar av den vakre Sunnmørsnaturen.

8.juni 2009: Humbersetsetra

_yvind_skriv_seg_i_boka.jpg

Start i Vassbotnen. Gå på skogsvegen til Høgedalen og Horndalen. Følg skilt til Humbersetsetra. Det er grei sti vidare gjennom Løypingsskaret og til Humbersetsetra. Det er ein forholdsvis lett tur som tek 1-1,5 t ein veg.

1.juni 2009: Blæja (1142 m.o.h.)

turf_lget_ved_toppvarden.jpg

Vårens vakraste fjelltur til no.

Bilde frå turen HER

25. mai 2009: Melshornet på Hareid.

090525_hareid_melshornet.jpg

7 stk på tur på ein grå kveld med litt regn, litt tåke, litt opphald og litt vind, men det var forholdsvis mildt så vi hadde ein gild tur. På toppen fekk vi nokså bra utsikt og det var god le bak den store varden.

18.mai 2009: Kornbergveten

img_4616.jpg

Ein fin, mild vårkveld. Det er lett å gå frå Folkestadsetra til Kornbergveten. På knapt 1,5 t hadde vi god tid til å nyte utsikta og å ta bilete. 7 stk var med på turen.

11.mai 2009: Niven

Stemningsfull utsikt

Stemningsfull utsikt

Vi var 7 stk som gjekk på tur til Niven. Kvelden starta med ein del regn, men etterkvart slutta det å regne og det var stilt og fint då vi tok pause ved Ring.

Gunvor og Willy arbeider stadig med stien. Stor takk til dei for den flotte innsatsen dei gjer som gjer det flott for oss andre å gå i terrenget!

4.mai 2009: Lidaveten

Masse kusymre langs stien!

Masse kusymre langs stien!

15 stk på tur på ein overskya kveld. Tørt og fint på stien og fin temperatur oppover lia. På toppen blåste det nokså surt, men sidan vi var godt kledde var det triveleg å sette seg ned med litt varm drikke og ein god prat før vi snudde ned att. Ein hund syntest nok vi såg ut til å vere triveleg selskap og fulgte oss på heile turen:)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761