logo_i_ver_og_vind.jpg

22.september: Gamma i skogen ovanfor Engeset/Klepp.

gamme_i_skogen.jpg

Vi var fire som gjekk på tur til gamma. Kvelden var mild og fin. Turen til gamma er kort og lett. Vi gjekk opp Nakkevegen og til venstre ved skogsvegen nedanfor Steinhusa. Etter eit par hundre meter finn ein tydeleg sti opp i skogen og til gamma. I skogen fann vi fin piggsopp. På returen kryssa vi rett over skogsvegen og fortsatte på sti ned igjennom skogen. Ein sti som ikkje er så mykje brukt, men den er ganske tydeleg.

15.september: Hellevegen til Brekkeheida

Endå ein mandagstur i fint ver.

Denne kvelden var det 8 som gjekk Hellevegen til Brekkesetra og Brekkeheida. Marianne og Eldar hadde tatt turen til Kråkenakken først og møtte oss på setra. Det seiest at Hellevegen vart bygd av Hans I. Brekke som eit resultat av kjærleikssorg. Dette er ein lett tur og passar godt også som familietur.

9.juni: Rotsethornet (654 m.o.h.)

På ein regnfull mandagskveld gjekk turen som planlagt til Rotsethornet. 9 personar var med på turen som gjekk opp framsida og ned att Lisjedalen.

12Next

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761