logo_i_ver_og_vind.jpg

MANDAGSTURAR

Ansvarleg: Runa Bakke, tlf.: 91621147 e-post: trykk her

Frå byrjinga av mai til slutten av september går vi turar i Volda/Ørsta/Ytre Søre Sunnmøre/Nordfjord kvar mandagskveld. Vi startar til vanleg kl.18.00 frå parkeringsplassen ved Høgskulen i Volda (nærmast Kiwi). Turane er for vaksne (18 år +) og varer frå 2-4 timar, avhengig av når det blir mørkt. Du bør vere litt trena for å ha glede av turane. Velkomen på tur!

HUND: Vi får nokre spørsmål om ein kan ha med hund på turane. Det er ikkje forbod mot det og det kan vere triveleg, men vi forventar at dersom hund er med skal ein ha respekt for at nokon kan vere redd for hundar. Det betyr m.a. at vi ønsker at hund skal vere i band og ikkje vere for nærgåande mot dei andre turdeltakarane utan at ein sjølv har ønske om det.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761