logo_i_ver_og_vind.jpg

HAUSTTUR 2007: Sotaseter

Dato: 31.august - 2.september
P.g.a. svært usikre ver- og føretilhøve, vart det berre 8 stk som reiste til Sota Sæter. Alle kom på Tverrådalskyrkja på laurdagen i barskt ver. Om kvelden var det velfortjent god middag. Ein kort tur på søndag før heimreise.

Hausttur 2009: 28.-30.august i Selje-området

Ved Selje Hotell
Ved Selje Hotell

YTRE NORDFJORD PÅ SITT BESTE OG NEST VERSTE!
For turfolket har www.yr.no blitt ei særs populær side på nettet, og som regel stemmer det som vert varsla. Men ikkje alltid, og ikkje siste laurdagen i august! Fredag den 28.8. reiste forventningsfulle turdeltakar mot Selje. Nokre budde privat, nokre tok inn på hotellet og nokre delte ei appartementsleiligheit i Seljevågen.

Hausttur 2010: 28.-29.august
DRONNINGRUTA GJENNOM SUNNMØRSALPANE!

dronningruta.jpg

Laurdag: Dronningruta (Urke-Gulmorbreen-Velledalen)

Søndag: Habostaddalen-Patchellhytta-Urke

 

|

Haustturen 3.-4. september 2011 til Breim

img_3961.jpg

Haustturen til Eggjenibba i Gloppen blei ein flott tur! Litt regn stoppa oss ikkje, og skydekket var høgt så vi hadde god utsikt. Vi fulgte rute 23.02 i "Opptur Sogn og Fjordane". 

hausttur_2011.pdf

24.-26. august 2012: Hausttur i Romsdalen

romsdalseggen.jpg

Haustturen til Romsdalen blei svært vellukka!
Bilete seier meir enn ord...
(bileta la seg i omvendt rekkefølge av det dei skulle, så start på slutten dersom du ikkje vil "gå" turen baklengs)

 

Hausttur 31. august 2013: Sjutoppstur på Sandsøya

sands_y.jpg

I år var haustturen ein dagstur i nærområdet. Sjå turomtale HER

Bilete frå tidlegare sjutoppstur HER
haustturen_2013__info_og_p_melding.pdf

29.-31. august 2014: Hausttur til Sogn

aurlandsdalen.jpg

Turen gjekk til Aurlandsdalen og Stigen gard. 

2014_hausttur_info_og_p_melding.pdf

28.-30. august 2015: Hausttur i Bremanger

hornelen.jpg

Sjølv om veret ikkje heilt var på vår side, fekk vi ei triveleg helg i Kalvåg. Turen til Hornelen gjekk nesten som planlagt på lørdagen, men det kom mykje regn. Turen til Vetvika vart det ikkje noko av både p.g.a. våte klede og usikker ver.

2.-4. september 2016: Hausttur til Gjendesheim

beseggen.jpg

Haustturen i år gjekk til Jotunheimen. Vi overnatta på Gjendesheim. Laurdag gjekk vi  Besseggen frå Memurbu til Gjendesheim, og på søndag var turmålet Bitihorn.13 var med på haustturen, og alle var samde om at det var ei gild helg!

25.-27. august 2017: Hausttur til Fondsbu i Vest-Jotunheimen

fondsbu.jpg

Ei svært vellukka helg med eit fantastisk fint ver, og kjekke og blide folk! Det kan ikkje bli betre. 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761