logo_i_ver_og_vind.jpg

Kom UT! i haustferien 2018

sunnm_re_friluftsr_d.jpg

Sunnmøre friluftsråd inviterer til aktivitetsdagar for barn i haustferien. 

I Volda vert det aktivitetsdag 10.oktober og i Ørsta vert det aktivitetsdag den 11.oktober. Begge dagar frå kl. 9-15. Bli med då vel!  Du finn informasjon på friluftsraadet.no

Reisa til adventstjerna i Kalsethola

stjerna_i_kalsethola.jpg

Nyttårsaftan vert det samkome rundt bålpanna frå ca kl. 23 Sjå meir informasjon på fb-sida til Voldastjerna
2. desember vart stjerna i Kalsethola kveikt. Tradisjonen tru, var det lystog opp til Kalsethola og mange vart med. 
Dette er eit fint turmål i advents-/juletida

Sommarprogrammet 2017

sommarprogrammet.jpg

Frivilligsentralen, i samarbeid med mange lokale aktørar, har hatt aktivitetar for barnefamiliar og einslege mindreårige i heile sommarferien i Volda og omegn. Tiltaket var støtte økonomisk av Barne-og familedirektoratet og Volda sanitetslag.

Aktivitetane vart publiserte på fb-sida til Sommarprogrammet

3.mai 2017: Paddesafari

padde_1.jpg

Paddesafarien vart ein suksess. Det var omlag 70 som deltok og det var mange padder å sjå. Ekstra kjekt er det når 
Gunnar Wangen er til stade og fortel og svarer på spørsmål

9. mai 2014: Paddesafari i Austefjorden

padde.jpg

Mange var med på paddesafarien!

29. oktober 2012: Måneskinstur til Dinglavatnet

img_8704.jpg

Fullmåne og skyfri himmel er god kombinasjon:) Det vart ein flott måneskinstur til Dinglavatnet! 2 gjekk på beina og 2 gjekk på ski, og begge deler var like fint.

Trening til Jentebølgen i Ørsta 8.juni 2012!

jenteb_lgen.jpg

Sjølv om skisesongen er over for i år, inviterer vi no med alle skidamene til gå-eller joggetrening langs eller rundt Rotevatnet kvar torsdag kl.19.00, med oppmøte på Årneset.

4.mai 2012: Paddesafari i Austefjorden 

img_3911.jpg

Det var litt kaldare enn vi hadde håpa på, så paddeaktiviteten hadde stoppa litt opp. Men nokre padder fann vi og det var interessant å høyre Oddvar Olsen og Gunnar Wangen fortelle og svare på spørsmål. Paddebestanden i Austefjorden er faktisk størst i Europa!

Blir det litt mildare i veret, kan du ta deg ein tur på eiga hand og sjå på paddene. Hugs å ta med lykt! Det er også lurt med støvlar då ein ofte finn padder i vasskanten.

PADDESAFARI 29.APRIL 2011

padder.jpg

Den største paddebestanden i Norden finn vi i Austefjorden. Mellom 40 og 50 var med på paddesafarien og fekk vere med på ei heilt spesiell oppleving. Alt på vegen frå parkeringsplassen og bort til paddetunnellane møtte vi paddene.

Bilete frå paddesafarien

Måneskinstur onsdag 16.mars!

101119_m_neskin524.jpg

Det blei ein flott kveld og ei flott oppleving for dei sju som var med på turen! Vi hadde med oss to journaliststudentar frå Næravisa, så det kjem reportasje frå turen fredag 18.mars.

Artikkelen frå Næravisa under: Sjå siste side



110318_n_ravisa__m_neskinstur.pdf

Paddesafari i Austefjorden fredag 30.april 2010

frosk_vi_fann_4.jpg

Vel 40 personar, store og små, deltok på paddesafarien "Padde-ekspertane" Gunnar Wangen og Oddvar Olsen orienterte. I vasskanten nedanfor vegen ved anleggsområdet fortalde og viste  dei padder i fleire omgangar (første vatnet etter gamleskulen i retning Kalvatn). Også representantar frå vegvesenet var med og orienterte om kva dei har gjort for å bevare  paddebestanden. Dei har laga fleire paddetunnellar i området. Medan paddesafarien foregikk, vart 550 padder samla inn ovanfor veien og frakta ned til vasskanten. Både Møre og tv var tilstades for å lage reportasje.
Nærnett har laga reportasje tidlegare. Den kan du sjå HER

|

Flott tur til Kolåstinden søndag 19.april 2009

Veret var bra og føret var fint! Vi kunne ta på oss skia nesten heilt nede ved vegen. Ved Appelsinhaugen tok vi ei pause, men det var litt kald vind her så pausa blei kort. Etter å ha besøkt toppen, sette vi oss på breen og åt matpakken. Her var det deilig å sitte ei stund. På turen ned att var det fint føre å svinge seg på.

Sopptur 22.oktober -08

traktkantarell_3.jpg

Er du usikker på sopp? Onsdag 22.oktober har du høve til å bli med på sopptur. Ta med noko å plukke i, ein kniv og lommelykt/hovudlykt. Vi møtast i svingen nedanfor Prestesetra kl.17 og så går vi inn i skogen her for å leite etter sopp. Det er MASSE traktkantrell å finne no, og er vi heldige finn vi også piggsopp.

Måneskinstur 22.januar -08.

show_image_stream.php.jpg

Det vart ein kjempeflott måneskinstur for dei sju som blei med på tur til Melshornet. Veret stod oss bi, og saman med svært mange andre, hadde vi ein flott kveld! Månen lyste så klart at lykt var unødvendig og føret var supert med puddersnø. Det kan ikkje bli betre!

Kondisjonstrening

Tirsdag 16.oktober 07 var første kvelden med kondisjonstrening.
Siste treningsøkt 30.januar 08.

Bilete frå soppkurset:

Kveldstur til Melshornet 7. mars 2007

Måneskinstur fekk vi diverre ikkje til ved denne fullmånen. Men ein kveldstur til Melshornet utan måneskin er også ei flott oppleving. Berit og Runa hadde ein fin tur:)
12Next

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761