logo_i_ver_og_vind.jpg

Telttur i Austefjorden.

Det vart ein flott telttur til Botnasætra i eit strålande augustvær, vi satt ute og grilla rundt bålet og både store og små kosa seg. Vi vaknar søndagmorgon med  at sola skin inn gjennom opninga i teltet. Og etter ein god og kosleg frukost, vart alle med på "Ti turmålturen" til Middagshornet 880 moh, som mange var med på.

29. juni tur til Krøvelsætra

Vi var ei fin gjeng på 20 til 30 stykker som starta å gå frå bommen i Krøvelen. I eit bra tempo utforska vi veg og grøftene oppover til Krøvelsætra. Når vi nesten var framme var det nokon som kom over ein stor frosk, men han vart redd og gjømde seg. Ellers var det mange fine steinar å klarte på og hoppe frå, og med fin utsikt til store og kjende fjell i Ørsta og fin utsikt heim til Volda også.

Men rasten på setra vart kort fordi knotten vart så veldig glad i oss, og det var ikkje gjensidig kan vi love. Det var ca 10 stykker som valde å ta turen om Hestehornet før ein for heimatt, skal prøve å få tak i bileter å legge inn.

I eit bra tempo utforska vi veg og grøftene oppover til Krøvelsætra. Når vi nesten var framme var det nokon som kom over ein stor frosk, men han vart redd og gjømde seg. Ellers var det mange fine steinar å klarte på og hoppe frå, og med fin utsikt til store og kjende fjell i Ørsta og fin utsikt heim til Volda også.

Men rasten på setra vart kort fordi knotten vart så veldig glad i oss, og det var ikkje gjensidig kan vi love. Det var ca 10 stykker som valde å ta turen om Hestehornet før ein for heimatt, skal prøve å få tak i bileter å legge inn.

Tur til Høgåsen i Hjartåbygda 15. juni 2008 

Det vart ein fin start på sesongens første tur for barnefamiliar. Veret var strålande og det var godt oppmøte. 20 til 30 med smått og stort. Turen er godt beskrevet i Ti turmål 2006  

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761